Share
Bokanmeldelse

En innføring i PR. Teori, prosess og praksis

Forfatter: Peggy Simcic Brønn, Øystein Bonvik og Tor Bang Forlag: Fagbokforlaget, 2015
Anmeldt av: Jens Standal Groven

Grundig og oppdatert om P og R

Kva er det eigentleg du driv med, da? Mange innan PR og kommunikasjon har slete med å gje eit kort svar på dette. Anten du er student eller yrkesaktiv på feltet, får du oversikt om du les Brønn, Bonvik og Bang. Det korte svaret må du fortsatt slite med.

BRØNN, BONVIK OG BANG (frå no av BBB) vil vere til god hjelp når det gjeld å vise kva som er sams for alle som arbeider med planlagt kommunikasjon. Og for å vise mangfaldet. Boka blir vanskeleg å ha med seg på innerlomma. Det er den tjukkaste PR-boka på norsk til no. BBB lukkast med å forklare korleis PR vert definert i faglitteraturen, men her kunne for fattarane godt ha forklart korleis ein skal forstå orda «Public» og «Relations» på norsk.

Boka er inndelt i fem deler, noko som gjer den lett å lese: PR-fagets utgangspunkt, PR-fagets utøving, situasjonsbestemd PR-arbeid, PR-arbeid i ulike sektorar og PR-fagets framtid.

Innleiinga er prega av ei einsidig forståing av PR sett frå ein amerikansk ståstad. Den europeiske tradisjonen på feltet burde og vore trekt fram, men då er ein i gang med nye definisjonar. Boka tar for seg situasjonar og sektorar der PR blir utøvd. Nokre av tema vert for kortfatta for spesielt interesserte, men her vil litteraturlista vere uvurderleg, særleg for studentar som skal forjupe seg.

Når ein ser heile denne innføringsboka i samanheng, er det heilt klart ei bok som alle innan feltet vil ha nytte av. Dersom ein veit at ein arbeider mest med eit tema, til dømes krisekommunikasjon, vil det området vere for dårleg behandla til å gje ein spesialist nok å bite i. Samla vil boka kunne fungere som eit lite oppslagsverk som ein kan gå til når ein beveger seg i ulike sektorar.

Profesjonsdiskusjonen er viktig for forfattarane og går som ein raud tråd gjennom heile framstillinga. Her hadde det vore rart om BBB, med lang fartstid innan akademia og praksis, hadde meint noko anna enn at PR bør reknast som ein profesjon. Om det faktisk blir det, er ei anna sak. Om både P og R i framtida vil setje seg meir fast som omgrep, ligg kanskje gøymd i ein av teoriane som BBB sjølve trekk fram, nemleg diffusjonsteorien til Rogers. Kortfatta så meinte han at sjølve namnet er særs viktig for om bruken av noko sprer seg. PR er lett å skrive og ferdig forkorta, så her er det mogleg teoretikarane får rett. Til slutt.