Share
Bokanmeldelse

Lyttekunsten. Om hvorfor lytting er avgjørende.

Forfatter: Rune Semundseth Forlag: Hegnar Media, 2024
Anmeldt av: John Magnus Ragnhildson Dahl, postdoktor ved Institutt for informasjon og medievitenskap, UiB.

Lytting må komme først

Perspektivrik og konkret, men litt pratsam bok om verdien av å lytte – og korleis du

faktisk kan få det til.

Alle i kommunikasjonsbransjen snakkar om å få bodskapet ut – men ingen tenkjer på at det er lite verdt dersom ingen lyttar. Det er poenget forfattar Rune Semundseth gjer allereie i forordet til Lyttekunsten, som i tråd med hans eiga programerklæring klarer å kombinere praksisnær teori og teorinær praksis på ein ypparleg måte og slik syner verdien av å lytte og samstundes viser oss korleis me kan bli betre på det.

Semundseth argumenterer godt for noko som eigentleg er innlysande, men som like- vel blir gløymt av dei fleste av oss både privat og profesjonelt: Lytting er det aller, aller viktigaste innanfor kommunikasjon. Utan å lytte kan me ikkje forstå kvarandre – og utan å forstå kvarandre kan me ikkje sam- arbeide eller, for den saks skuld, påverke kvarandre gjennom kommunikasjon. Å reflektere over kva lytting eigentleg er, og øve oss på å bli betre lyttarar har difor stor verdi på alle livsområde.

Boka hjelper oss med begge desse tinga – Semundseth får fram fleire gode poeng og refleksjonar om verdien av lytting, og her trekkjer han både på personleg erfaring og lesing – frå Sokrates over moderne psykologi til sjølvhjelpslitteratur – noko som stort sett er engasjerande og til ettertanke, som når han peiker på at lytting ikkje er eit oppslags- ord i det solide faglege referanseverket Sage Handbook of Interpersonal Communication. Refleksjonar og teoretisk fagstoff blir godt supplerte med ulike praktiske råd og øvingar, som både er spreidde jamnt ut over boka og utgjer så å seie heile kapittel 4, «Den aktive lytterens verktøykasse». Denne kombinasjonen  av teori og praksis fungerer verkeleg godt og gjer at boka blir eit solid verktøy og ein inspirasjon, betre og meir overtydande enn mange ureflekterte handbøker og lettare å arbeide ut frå enn reine teoriverk.

Det som manglar i denne boka, er ei skik- keleg redaktørhand. Semundseth skriv stort sett ganske så godt og lettlese, men eg er ikkje overtydd over disponeringa av boka – kapittel 1–3 glir over i kvarandre, og det er iblant store hopp frå seksjon til seksjon innanfor kvart kapittel. Det er også ein del uheldig smårusk og lause påstandar, som at Fredrik Solvang er programleiar for Debat- ten – rett nok i 2023, men er ikkje dette ei bok med eit lengre perspektiv – eller at ovannemnde SAGE-handbok blir refe- rert til i teksten med eit halvt hermeteikn (!), ikkje kursiv, som konvensjonen er, og som blir nytta elles på andre bøker også her. Meir alvorleg er påstandar som at «var den verbale delen av kommunikasjonen [i Martin Luther King sin berømte «I have a dream»-tale] kanskje 60–80 %», i ein sek- sjon som vil slå tilbake mot den feilaktige påstanden om at kroppsspråk er det vikti- gaste. Slike påstandar verkar rett og slett som påfunn og undergrev tilliten til ei elles god bok. Når det er sagt, liknar dette på ven- leiksfeil eg har sett i andre bøker frå same forlag – Hegna Media – så det er dei som bør skjerpe seg og få ordentlege redaktørar.

Sett bort frå dette er nemleg Lyttekunsten ei riktig god bok, som tar lytting på alvor, minner oss på kvifor det er viktig, og har konkrete verktøy me kan bruke for å bli betre lyttarar.