Share
Bokanmeldelse

Bærekraftskommunikasjon - 5 nøkler som skaper tillit og vekst for din bedrift

Forfatter: Katherine Berrios Duarte Forlag: Nor, 2024
Anmeldt av: John Magnus Ragnhildson Dahl, postdoktor ved Institutt for informasjons- og medievitenskap, UiB

Katherine Duarte har arbeidd med berekraft, og då særskilt miljø, i fleire år – som forskar, journalist og no som forfattar og bedriftsrådgjevar. Ho er rett kvinne til å skrive denne velkomne boka, og kunnskapen hennar om temaet, både akademisk og praktisk, kjem tydeleg fram og er nyttig for alle som er interesserte i berekraft – noko jo alle burde vere.

Boka byrjar med ei innleiing der Duarte forklarer kvifor verksemder skal kommunisere berekraftsstiltak, der svaret eigentleg er ganske enkelt: Det må til for å oppnå tillit hjå kundar og interessentar. Vidare får me ei solid innføring i berekraftsomgrepet, der forfattaren minner oss om korleis berekraft er knytt til både FN sine tusenårsmål og ikkje minst ikkje berre handlar om miljø og klima, men også sosial og økonomisk berekraft. Allereie i dette kapittelet kjem Duarte sin delte bakgrunn i akademia, journalistikk og bedriftsrådgjeving godt fram. Her er både akademiske diskusjonar og diskusjonar med konkrete verksemder om deira ulike berekraftstiltak og korleis dei bør bli kommuniserte. Desse erfaringane er noko av det finaste med boka.

Hovudbolken av boka er også konkret og god – her fordjupar me oss i fem nøklar til god berekraftskommunikasjon. Ein god del av dette bygger på generelle kommunikasjonsråd, men forfattaren gjer ein god jobb i å syne kva som er særskilt med berekraftsfeltet, og kva feller ein kan gå i. Eg liker særskilt godt analysen hennar av Posten, som syner veldig godt korleis historieforteljing, både på lang og kort sikt, går saman med konkret arbeid hjå verksemdene med berekraftstiltak – eit anna sentralt poeng i boka. Kapittelet om grønvasking er også bra, der det blir tydeleg korleis alt frå reklamekampanjar med overdriven bruk av planter og fargen grøn til det eg nesten ville kalle nytale hjå flyselskapa, korkje er reieleg eller effektiv kommunikasjon. Du blir alltid tatt når du grønvaskar – og kanskje det også er eit demokratisk problem?

Diverre har boka ein del å gå på når det gjeld tekstarbeid. Det er til tider uklar disponering. Til dømes er delen om sosial berekraft mykje lengre enn delen om økonomisk og miljømessig berekraft. Iblant går dette ut over klar formidling. Til dømes blir tillit diskutert veldig mange gonger i løpet av boka, også i seksjonar der det ikkje er heilt klart kva diskusjonen fører til. Det blir rett og slett lett for lesaren å miste tråden. Til slutt er det ein del slurv av ulik art å ta tak i: Grenland er ikkje i Oslo, tre avsnitt på rad som startar på «Jeg», og å samanlikne Desmond Tutu med ei verdsstjerne er veldig rart. Er det ikkje nettopp det han var, sjølv om han ikkje var Beyonce? Fleire slike ruskete detaljar er ikkje er så tillitsskapande. Det har blitt ein liten kjepphest for meg å peike på dårleg redigering i underskogen av forlag utanfor dei store, gamle og etablerte – men det er fordi eg meiner det er viktig, og fordi forfattarane av viktige bøker, som denne her, fortener betre.