Banner
PR-PRAT

Tospråkleg frå start: Om små barn og robotar

Det var den tida på året igjen. Vårjamdøgn blåste bort i snødrevet, klokka og forventningane til folk gjorde eit utolmodig byks mot sommar – og så kom skattemeldinga. Ho er eit sikrare vårteikn enn varmegrader og krokus. Våren var kald i Oslo-området i år.

SKREVET AV

Åse Westås, som er direktør i Språkrådet

Som dei fleste andre brukar eg ikkje mykje tid på skattemessige utrekningar på førehand. Dermed fortonar det seg alltid som eit slags offentleg lotteri når eg får fasiten frå skatteetaten. Det gir spenning til den kalde vårkvardagen når meldinga tikkar inn, og eg kan opna loddet eg har fått tildelt for i år. Vel, det vart ikkje gevinst i år heller. Det vart ein beskjeden restskatt.

-Frekkas!

Eg gjekk inn på skatteetaten.no på ny. Like greitt å få oppfylt den litt sure plikta – og eg betaler sjølvsagt skatten min med glede. Det er ikkje det. På nettsida vart eg møtt av skatteetatens praterobot. Eg har skattemelding på nynorsk og har meldt inn at eg gjerne vil kommunisera med etaten på det språket. Eg spurde roboten: «Hei! Kan eg få kontakt med ein rådgjevar?» Roboten svarte: «Jeg forstår at du ønsker å få kontakt med en saksbehandler.» «Frekkas», tenkte eg. «Svara meg på den nedlatande måten.» Det er ikkje berre plikta som blir sur av slikt.

Som direktør i Språkrådet er eg meir enn gjennomsnittleg godt opplyst om dei språklege rettane mine og om dei pliktene statlege organ som skatteetaten har. Statlege skjema og sjølvbeteningsløysingar skal vera tilgjengelege på begge skriftspråka, står det i språklova. Ein praterobot på nettsida til eit statleg organ er ei sjølvbeteningsløysing. Ho skal kunna svara meg på det skriftspråket eg har valt.

Skatteetaten er ikkje aleine om å bryta språklova i digitale løysingar, dessverre. Og dei er slettes ikkje dårlegast i klassa. Språkrådet ser at skatteetaten arbeider bra, dei er aktive i timen og rekkjer opp handa med gode spørsmål om språklova. Men hen prateroboten på første rad på nettsida strevar med å nå kompetansemåla i nynorsk – og har kan hende dårlege haldningar.

"Eg spurde roboten: Hei! Kan eg få kontakt med ein rådgjevar? Roboten svarte: Jeg forstår at du ønsker å få kontakt med en saksbehandler."

Kommune-Kari og Frida

Eg er optimist og trur oftast det går den rette vegen. Det vart jo vår i Oslo, og stadig fleire offentlege organ viser at dei ynskjer å etterleva krava i den nye språklova. Det går langsamt, og folk er utolmodige, men dei gler seg alltid over dei vårteikna som finst. Kommune-Kari, prateroboten som mange kommunar i Noreg nyttar, kan nynorsk. Ho har kunna det lenge. Nav-roboten Frida har lært seg nynorsk ganske nyleg. Det varmar.

Alle veit at det er meir krevjande å læra seg språk i vaksen alder. Det er ein stor fordel å vera tospråkleg frå start. Slik er det òg for praterobotar og andre digitale løysingar i staten. Det er enklare og rimelegare å kjøpa inn og utvikla løysinga på både bokmål og nynorsk med ein gong. Det har til dømes Husbanken gjort. Dei rullar ut eit stort digitalt system for utleige av kommunale bustader i år, Kobo. Kobo er òg eit fagsystem for Husbanken. Løysinga har grensesnitt mot fleire brukargrupper – både kommunetilsette og publikum. Og ho finst både på nynorsk og bokmål. – Sjølvsagt, seier fagdirektør Beate Diseth i Husbanken i eit intervju på språkrådet.no.

Råd:

Kobo vart fødd tospråkleg, og Husbanken har fleire gode tips til andre offentlege organ som går svangre med nye digitale løysingar. Gje den nyfødde fordelen av å kunna fleire språk frå starten av. Her er Husbankens tilrådingar:

  • Dei aller fleste teknologiar som støttar fleire språk, baserer seg på at det finst éi språkfil for kvart språk, der ein sett inn omsetjingane av dei tekstane som blir brukte i systemet.
  • Lag dummy-språkfiler for det andre språket: Tidleg i eit prosjekt er det mange tekstar som endrar seg, og det er upraktisk å omsetja tekstar fleire gonger kvar dag. Lag difor dummy-språkfiler der teksten er den same. Da riggar de systemet for begge skriftspråka frå start, men kan leggja inn omsetjingane først når tenesta er ganske klar og endringane kjem mindre hyppig.
  • Lag ein metode for å identifisera tekstane som skal omsetjast: Det kan vera eit nitid arbeid å identifisera kva tekstar som skal omsetjast. I teknologien Angular, som blir nytta i Kobo, finst det bibliotek som gjer det mogleg å merka av dei tekstane som skal omsetjast («ngx-translate»), og å oppdatera språkfilene med manglande/endra tekstar («ngx-translate-extract»).
  • Bygg inn automatisk sjekk: Det er lett å gløyma å oppdatera språkfilene. Bygg inn ein automatisk sjekk som ein del av prosessen, slik at de får kontrollert at alle tekstar finst i filene. Då får de ei påminning dersom de har gløymt å oppdatera.
  • Byt til dummy-språkfila jamleg: Når de vel språk, skal alle tekstar byta til det skriftspråket de har valt, men tekniske problem kan hindra det, og slike problem kan vera vanskelege å oppdaga. Om de byter til dummy-språkfila, der same tekst er brukt overalt, skal alle tekstar som kjem fram på skjermen, vera like. Viss ikkje er det ein feil i koden som handterer omsetjingane. Ein slik «dummy-test» gjer det enkelt å sjå om alt fungerer som det skal.
  • Bruk ein kvalifisert omsetjar og bygg kompetanse i verksemda: Når tenesta er ganske klar, kan teksten setjast ut til ein kvalifisert omsetjar, dersom verksemda ikkje har tilsette med nynorskkompetanse. Hugs at det vil oppstå behov for omsetjingshjelp etter kvart som systemet blir oppdatert. Då er det praktisk å ha nokon med god nynorskkompetanse på huset, slik at ein får omsett tekstar med ein gong.

Slik kan det altså gjerast for nye generasjonar av praterobotar. Vi andre må satsa på livslang læring.