Kommunikasjonsrådgjevar digitale tenester
Asle Haukaas
kommunikasjonsdirektør
Tlf. 92 08 08 77
E-post: asle.haukaas@vetinst.no
Bli med på å utvikle viktige digitale løysingar som gir betre kunnskap om helse i samfunnet!
Om stillinga
Vi søker ein fagleg sterk kommunikasjonsrådgjevar som kan fylle ei sentral rolle knytt til utvikling, integrasjon og vedlikehald av digitale tenester på nett for offentlege og private brukarar.
Stillinga er nyoppretta og får eit breitt spekter av konkrete og strategiske oppgåver i skjeringspunktet mellom teknologi, innhald, digital arkitektur og brukaroppleving/UX. Arbeidet vil skje i tett dialog med vår nettredaktør, interne som eksterne utviklarar innan digitalisering og nokre av Noreg sine fremste forskarar innan sine felt. Du vil få bryne deg og du vil raskt kunne sjå resultat av eigen innsats knytt til betre digital samfunnsberedskap.
Du er velkomen til å ta kontakt med kommunikasjonsdirektør Asle Haukaas, telefon 92 08 08 77 eller asle.haukaas@vetinst.no
Arbeidsoppgåver
Dine hovudarbeidsoppgåver vil vere å uvikle og vedlikehalde brukarvenlege digitale løysingar på nettsidene, særleg knytta til helsedata, statistikk, analysar og kart, i tett samarbeid med fagmiljø og tekniske ressursar. Du vil bistå nettredaktør i vidareutvikling og forbetring av arkitektur og brukaroppleving på nettsidene, både teknisk og innhaldsmessig.
Andre oppgåver og ansvarsområder vil vere å:
- følgje opp satsinga instituttet har på digitale tenester som appar, nettportalar og nye brukarretta løysingar som sikrar god samla brukaroppleving
- utarbeide brukarreiser og gjennomføre brukartesting
- analysere og optimalisere brukartrafikk ved hjelp av analyseverktøy som Siteimprove og Matomo
- sikre at digitalt innhald er universelt utforma og følgjer gjeldande standardar og krav (WCAG)
- ta ansvar for grafisk profil og identitet for Veterinærinstituttet, og sikre at denne blir ivareteken i all ekstern og intern kommunikasjon
Du vil få bidra i kommunikasjonsstaben sine øvrige oppgåver, inkludert drift og utvikling av nettsider og digitale kanaler, og inngå i beredskapsteam for kommunikasjon ved hendingar og kriser.
For å lukkast i stillinga er det viktig at du kontinuerleg oppdaterer deg innen fagfeltet ditt og at du søker kunnskap og kjennskap til Veterinærinstituttet sine kjerneområde, forretningsprosessar og overordna strategi.
Kvalifikasjonar
Vår nye kommunikasjonsrådgjevar må ha:
- relevant høgare utdanning innan kommunikasjon, medier, interaksjonsdesign, informatikk, eller annan relevant fagleg bakgrunn
- minimum fire år med erfaring frå utvikling og drift av større nettsider, gjerne i offentleg sektor, samt erfaring med prosjektarbeid og prosjektleiing
- ha erfaring og innsikt i samspelet mellom teknologi, brukaroppleving og formidling
- særs god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
I tillegg ønskjer vi at du har:
- særs god digital forståing, røynsle med brukarretta utvikling av digitale løysingar, universell utforming og tilgjengelege tenester
- erfaring med å jobbe i produktteam og med publiseringsverktøy som til dømes Enonic og analyseverktøy som Siteimprove, Matomo eller liknande
- erfaring med design og wireframing
- arbeidserfaring med brukartesting, innsiktstilpassing og digital arkitektur. Tilsvarande vil erfaring frå forskingsformidling, eller visualisering og presentasjon av data i lag med fagpersonar vere eit pluss. Dette gjeld også for visuell kommunikasjon, grafisk profil og enklare grafisk produksjon
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som:
- arbeider systematisk og strukturert, og likar deg i flyten mellom strategiske og operative oppgåver
- har gode samarbeidsevner, held roen når det kokar rundt deg, er god til å lytte og trivst når fleire lukkast å samarbeide om felles mål
- er initiativrik, løysingsorientert og har stor gjennomføringskraft
- har eit sterkt engasjement for å skape gode og tilgjengelege brukarreiser, og er nyfiken på nye løysingar og metodar
- evnar å prioritere mellom behov og forventningar, og kan jobbe sjølvstendig
Du må kunne identifisere deg med verdiane til Veterinærinstituttet: Framtidsretta, fagleg ambisiøs og samspelande. I tillegg til fagleg kompetanse og eigenskapar, vil motivasjonen din for stillinga og arbeidet bli vektlagd. Du vert oppmoda til å gje ei kort skildring av motivasjonen din for stillinga i søknaden.
Vi tilbyr
- ein spanande og samfunnsnyttig jobb med viktige fagområder
- eit fagsterkt kompetansemiljø som gir moglegheiter for eigen læring og utvikling
- ein variert og allsidig arbeidskvardag i eit institutt i stadig utvikling
- eit miljø prega av høgt kompetansenivå og mangfald
- delvis heimekontor
Du vert medlem av Statens Pensjonskasse, med gode pensjons- og forsikringsordningar. Du vert trekt 2 % av løna for dette innskotet. Stillinga blir løna etter Statens lønsregulativ, og du blir tilsett som seniorrådgjevar i stillingskode 1364. Lønsplasseringa avheng av kvalifikasjonane dine.
Korleis søke
Om du finn ovanståande interessant, ser vi fram til å motta søknaden din. CV, vitnemål, attestar og andre relevante dokument skal lastast opp i vår elektroniske portal hos Jobbnorge.
Når du søker på stillinga, ber vi deg hente utdanningsresultata dine frå Vitnemålsportalen.no. Om resultata ikkje er tilgjengelege der, ber vi deg laste opp kopi av vitnemåla eller karakterutskriftene dine. All dokumentasjon må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk.
Veterinærinstituttet er ei statleg verksemd, og i tråd med offentleglova blir alle søkarar sette på ei offentleg søkarliste etter søknadsfristen. Søknad om unntak frå denne lista kan bli gitt i særskilde tilfelle. Dersom søknaden om unntak ikkje blir teken til følge, vil du bli kontakta. Då må du vurdere om du ønsker å oppretthalde søknaden eller trekke han.
Veterinærinstituttet verdset mangfald
Våre medarbeidarar har ulik bakgrunn når det gjeld nasjonalitet, utdanning, arbeidserfaring og livserfaring – noko vi ser på som ei styrke. Vi trur at ulike perspektiv bidreg til betre løysingar og eit meir inkluderande arbeidsmiljø.
Vi følger statlege retningslinjer for inkluderande rekruttering. Kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller har innvandrarbakgrunn vil bli inviterte til intervju dersom vilkåra er oppfylte. Derfor oppmodar vi søkarar til å krysse av dersom dei tilhøyrer desse gruppene.
Om oss
Veterinærinstituttet er eit forvaltningsorgan med særskilt fullmakt under Landbruks- og matdepartementet. Fagleg og økonomisk sorterer Veterinærinstituttet både under Landbruks- og matdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet.
Instituttet sin visjon "God helse hos dyr og menneske" skal bli nådd gjennom tydelege mål og gjennom eit strategisk, fagleg samarbeid med partnarar i over 40 land i tillegg til Noreg.
Instituttet avdekker og avverger smittsame sjukdomar og kjende og ukjende truslar mot helsa til dyr, menneske og miljø. Saman med styresmakter, næringsliv og andre kunnskapsmiljø utviklar vi kunnskap for å sikre god dyrehelse og -velferd, trygg mat og berekraftige bionæringar.
Veterinærinstituttet er utnemnt som nasjonalt referanselaboratorium på over 30 fagområde og som internasjonalt referansesenter for Verdens dyrehelseorganisasjon (WOAH) på fleire område.
Veterinærinstituttet har rundt 330 tilsette som saman skal løyse vårt viktige samfunnsoppdrag fordelt i våre lokale i Tromsø, Harstad, Trondheim, Bergen, Sandnes og på hovudkontoret på Ås i Akershus.
For meir informasjon, sjå vår nettside: www.vetinst.no
Illustrasjonsbilde: Veterinærinstituttet