Riksrevisjonen søkjer kommunikasjonsrådgivar!
Merethe Nordling
Avdelingsdirektør
Tlf. 91 34 58 06
Per Inge Scott
Seniorrådgiver
Tlf. 95 73 06 09
Brenn du for ein opplyst offentlegheit og er ein ekte lagspelar? Har du eit strategisk hovud og evne til å finne gode, pragmatiske løysingar? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
I Riksrevisjonen får du ei sentral rolle i Stortinget sitt største og viktigaste kontrollorgan. Riksrevisjonen skal vere aktiv og tilgjengeleg og bidra til ein opplyst samfunnsdebatt. Som ein av våre kommunikasjonsrådgivarar blir du ein viktig del av dette arbeidet.
I 2025 leverte vi 21 rapportar til Stortinget og hadde meir enn 5 300 medieomtalar. Bak dette ligg eit strategisk kommunikasjonsarbeid: Vi skal vere aktive og tilgjengelege i samfunnsdialogen og formidle resultata våre tydeleg i offentlegheita. Vi skal vere opne om korleis vi jobbar, og korleis vi har kome fram til konklusjonane våre.
Du skal jobbe tett med toppleiinga og revisjonsteama. Du gir råd i kommunikasjonsfaglege spørsmål og samarbeider nært med dei andre stabsfunksjonane og resten av organisasjonen.
Hos oss blir du ein del av eit dyktig og engasjert team som består av ein kommunikasjonsdirektør og tre kommunikasjonsrådgivarar. Teamet har lang erfaring med strategisk rådgiving, mediehandtering, krisekommunikasjon, brukarinnsikt, digitale kanalar og visuell kommunikasjon.
Dette får du jobbe med
- Formidling av resultata frå undersøkingane våre til offentlegheita
- Pressehandtering
- Strategisk kommunikasjonsrådgiving, mellom anna til toppleiinga
- Bidra til andre oppgåver i kommunikasjonsstaben
- Rådgivar i interne prosjekt og satsingar
- Bidra til å styrkje klarspråksarbeidet i Riksrevisjonen
Er dette deg?
Du må ha
- Høgare relevant utdanning, gjerne innan kommunikasjon, samfunnsvitskap eller journalistikk
- Solid erfaring med mediehandtering og strategisk kommunikasjonsarbeid, helst i offentleg sektor
- God skriftleg og munnleg formidlingsevne
Vi ønskjer også at du har
- God kjennskap til offentleg sektor, gjerne også Stortinget
- God forståing av digitale kommunikasjonskanalar
- Arbeidsspråket er norsk, men det er ønskjeleg med gode ferdigheiter i både munnleg og skriftleg engelsk
Personlege eigenskapar
- Du er ein ekte lagspelar, både i eige team og i samarbeid med resten av organisasjonen
- Du har svært god vurderingsevne, også i krevjande saker
- Du er ein tydeleg rådgivar
- Du evnar å tenkje raskt, arbeide under tidspress og er open for nye måtar å jobbe på
- Du er initiativrik og engasjert
Verdiane til Riksrevisjonen – openheit, lagånd og respekt – ligg til grunn for krava vi stiller til kandidatane. Vi legg stor vekt på personleg eignaheit.
Vi tilbyr
I Riksrevisjonen får du ein meiningsfull jobb. Vi legg til rette for ein hybrid arbeidskvardag med noko bruk av heimekontor. Du blir medlem i Statens pensjonskasse, som gir god tenestepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring, samt høve til gunstig bustadlån.
Du får òg ein time trening i arbeidstida kvar veke. Vi meiner kompetanseutvikling er viktig, og du får 40 timar årleg til dette. Dersom du ønskjer meir påfyll etter kvart, har vi gode ordningar for etterutdanning.
Du blir tilsett som seniorrådgivar. Lønsspennet i stillinga er frå 650 000 til 915 000 kroner i året. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Høyrest dette interessant ut?
Då vil vi gjerne høyre frå deg! Du søkjer via søknadsportalen vår. Vi er meir opptekne av kva du kan enn kor god du er til å skrive ein søknad. Vi ber deg derfor om å laste opp ein utfyllande CV som viser kva erfaring og kompetanse du har. I tillegg ber vi deg svare på tre spørsmål som gir oss eit betre grunnlag for å vurdere kompetansen din. Vidare ber vi deg laste opp vitnemål via Vitnemålsportalen og leggje ved eventuelle relevante attestar. Søkjarar med utdanning frå utlandet må leggje ved dokumentasjon frå NOKUT/HK-dir som stadfestar utdanninga sitt omfang og nivå samanlikna med tilsvarande norsk utdanning.
Riksrevisjonen praktiserer eit inkluderande arbeidsliv og følgjer opp regjeringa si inkluderingsdugnad. Det betyr at vi ønskjer velkomen kvalifiserte søkjarar med nedsett funksjonsevne, ulik nasjonal eller etnisk bakgrunn og kandidatar som av ulike grunnar ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere.
Dersom du ønskjer å reservere deg frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan likevel bli offentleggjorde, sjølv om du har bede om å ikkje stå på lista. Vi varslar deg på førehand dersom vi ikkje kan imøtekome ønsket, jf. offentleglova § 25.
Har du spørsmål om stillinga?
Ta gjerne kontakt med ein av oss:
- Merethe Nordling, stabsleiar, 913 45 805
- Per Inge Scott, kommunikasjonsrådgivar, 957 30 609
Om arbeidsgiveren
Riksrevisjonen skal bidra til at fellesskapets midlar og verdiar blir brukte og forvalta slik Stortinget har bestemt. Dette gjer vi gjennom revisjon, kontroll og rettleiing.
Riksrevisjonen skal vere kompetent, uavhengig og objektiv. Høgt fagleg nivå og tillit i samfunnet er viktig for oss. Internt legg vi vekt på lagånd, openheit og respekt for å oppnå gode resultat.
Vårt hovudkontor ligg i Oslo. Vi har regionskontor i Kristiansand, Bergen, Trondheim, Bodø, Tromsø og på Hamar. Vi har om lag 425 høgt kompetente medarbeidarar.
Les meir om oss på www.riksrevisjonen.no.
Foto: Riksrevisjonen