Vil du jobbe med internkommunikasjon og visuell kommunikasjon?
Nasjonalt klageorgan for helsetjenesten
Bergen
16. nov.
Stillingstype:
Fulltid. Fast.
Marit O. Øvregård
kommunikasjonsansvarlig
Tlf.: 98 67 69 90
Hilde-Kristin Enehaug
avdelingsdirektør
Tlf.: 93 86 72 84
Har du erfaring med internkommunikasjon og visuell formidling? Hjå oss får du jobbe kreativt og strategisk med å gjere kommunikasjonen vår tydeleg, tilgjengeleg og effektiv – og med visuelle uttrykksformer for å formidle komplisert jus og medisin. Du får vere med i heile prosessen, frå idé til utvikling, testing og publisering.
Arbeidsoppgåvene dine vert mellom anna å
- vere redaktør for intranettet vårt
- skrive tekstar til ulike kanalar
- ta og redigere bilete
- lage illustrasjonar, film og/eller animasjonar
- ha ansvar for skjemaløysinga og lage brukarvenlege skjema
- jobbe med malar og sikre at dei er universelt utforma
- visuelt utforme årsrapportar og andre publikasjonar
- bidra med anna kommunikasjonsfagleg arbeid
Det kan kome endringar i arbeidsoppgåvene.
Denne kompetansen og erfaringa ser me etter
For å bli vurdert til stillinga må du ha
- minimum bachelor innan eit relevant fagområde (lang og særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet)
- minst tre års erfaring frå liknande arbeid
- god digital kompetanse og kjennskap til brukaropplevingar på nett
- særs gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
Me ynskjer at du òg har
- jobba med oppbygging av digitale tenester
- leia utviklingsarbeid eller prosjekt
- erfaring med SharePoint og program som Adobe Illustrator, InDesign, Premiere Pro og Photoshop
- stor gjennomføringsevne, er løysingsorientert og tek initiativ
- gode samarbeidsevner, men du er òg vane med å jobbe sjølvstendig
Me legg stor vekt på at den som vert tilsett, er godt personleg eigna for stillinga.
Kvifor skal du velje oss som din neste arbeidsgjevar?
Nasjonalt klageorgan for helsetenesta sikrar pasient- og rettstryggleiken til dei som brukar helsetenestene, og rettstryggleiken til dei som jobbar i helsetenestene. Det gjer me ved å overprøve vedtak i over 100 ulike sakstypar frå 32 offentlege institusjonar.
Vurderingane våre er viktige for både livssituasjonen til enkeltpersonar og interessene til fellesskapet i offentleg finansierte og velfungerande helsetenester. Du kan lese meir om oss på helseklage.no.
Hjå oss får du
- jobbe i eit godt og inkluderande arbeidsmiljø som er prega av trivsel, engasjement og arbeidsglede
- vere ein del av eit fellesskap som deler kunnskap og erfaringar
- ein arbeidsgivar som er oppteken av heile mennesket og har ein god personalpolitikk med balanse mellom jobb og fritid
- gode arbeidstidsordningar med fleksitid, betalt lunsjpause, ein time trening i arbeidstida per veke og moglegheit for heimekontor
- jobbe i moderne lokale midt i Bergen sentrum og ete lunsj i ei Søtt + Salt-kantine
- sykkelgarasje og garderobar
- tilbod om å vere med på sosiale aktivitetar, for eksempel fredagsquiz, utflukter, fjellturar, lønningstreff og stafettlag i Bergen City Marathon
Du vert lønna som rådgjevar/seniorrådgjevar, avhengig av kompetansen og erfaringa di.
Våre tilsette er medlem i Statens pensjonskasse og får gode pensjons-, låne- og forsikringsordningar. To prosent av løna di går til pensjonsordninga. Dei fyrste seks månadene vert rekna som prøvetid.
Les dette før du søkjer
Du må sende søknaden og laste opp relevante vitnemål og attestar i rekrutteringsportalen.
Inkludering og mangfald er ein styrke, og gjer at me kan løyse samfunnsoppdraget vårt endå betre. Difor ynskjer me oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv.
Dersom du har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar me deg til å krysse av for dette i jobbsøkjarportalen. Dersom det er kvalifiserte søkjarar i desse gruppene, kallar me inn minst ein søkjar i kvar gruppe til intervju. Avkryssinga vert berre brukt til å velgje ut riktige kandidatar og i anonymisert statistikk.
Les meir om positiv særbehandling på arbeidgiver.dfo.no.
Søkjarlista er offentleg. Dersom du ikkje ynskjer å stå på lista, må du grunngje ynsket ditt. Me tek kontakt med deg dersom me ikkje kan skjule namnet ditt.
Nasjonalt klageorgan for helsetjenesten
Nasjonalt klageorgan for helsetjenesten er et forvaltningsorgan under Helse- og omsorgsdepartementet. Vi er et av Norges største fagmiljøer innen erstatningsrett, helserett, forvaltningsrett, EU/EØS-rett og prosedyre, og Bergens største samlet fagmiljø for jurister. Faglig styrke, engasjement, respekt og evne til å være dynamisk gjenspeiler virksomheten og verdiene våre. Du finner mer informasjon om oss på www.helseklage.no.
Foto: Copyright Cecilie Bannow