Skip header
Share

Kommunikasjonsrådgjevar

Kommunikasjonsavdelingen, Helse Bergen HF
Bergen

Søknadsfrist:
15. aug.

Stillingstype:
Fulltid

Vi søkjer ein erfaren kommunikasjonsrådgjevar med høg digital kompetanse. Du vil jobbe med eit viktig samfunnsoppdrag, og bidra til å skape gode brukaropplevingar for pasientar, pårørande og tilsette. 

Som kommunikasjonsrådgjevar i Helse Bergen vil du jobbe i skjeringspunktet mellom teknologi og brukar, og du vil få ei nøkkelrolle med overordna ansvar for drift av helse-bergen.no.  Du vil få vere med på å skape forståing, byggje tillit og gjere helsefagleg kunnskap tilgjengeleg for alle.

Hos oss får du samarbeide med kollegaer frå mange ulike fagfelt og du vil vere ein viktig rådgjevar, både i tekniske spørsmål knytt til våre digitale plattformar, men òg kommunikasjon generelt. Du får òg moglegheit til å samarbeide med kollegaer ved sjukehusa i Helse Vest og elles i Noreg.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for drift, forvaltning og vidareutvikling av helse-bergen.no
  • Kommunikasjons- og webfagleg rådgiving til avdelingane på sjukehuset
  • Rådgiving og støtte i bruk av digitale kommunikasjonsverktøy
  • Produsere, vedlikehalde og utvikle det faste innhaldet på nettstaden, samt bidra til å heve brukaropplevinga
  •  Vere strategisk kommunikasjonsrådgivar for sjukehuset sine ulike aktivitetar og prosjekt
  • Utføre andre oppgåver innanfor kommunikasjonsavdelinga sine arbeidsområde 

Kvalifikasjonar

  • Minst fem års erfaring med kommunikasjonsarbeid frå store og komplekse organisasjonar/bedrifter 
  • Utdanning/erfaring innan web/digitalisering/kommunikasjon 
  • Erfaring som digital rådgjevar, eller frå arbeid med digitale løysingar, innhaldsproduksjon og publisering på nettsider
  • Kunnskap om universell utforming og gode brukaropplevingar 
  • Kjennskap til offentleg forvaltning og gjerne frå helsefeltet spesielt 
  • Beherske begge målformar 

Personlege eigenskapar

  • Engasjert og trivst med høgt arbeidstempo 
  • Kan arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre 
  • Strukturert og god gjennomføringsevne 
  • Fleksibel og imøtekommande
  •  Kontaktskapande, kreativ og nytenkjande
  • Interesse for nye trendar og verktøy innan digital kommunikasjon
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne 

Vi tilbyr

  • Varierte arbeidsoppgåver i ein spennande og kompleks organisasjon
  • Moglegheit til å påverke og utvikle digitale kommunikasjonsflater
  • Høgt tempo og gode kollegaer
  • Fleksibilitet i arbeidskvardagen
  • Fagleg utvikling 
  • Løn etter avtale
  •  God pensjonsordning i KLP 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Søk på stillingen


Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.