Share
Bokanmeldelse

Homo Appiens. Hvordan teknologi endrer våre liv.

Forfatter: Arne Krokan Forlag: Cappelen Damm, 2022
Anmeldt av: John Magnus Ragnhildson Dahl, postdoktor ved institutt for informasjons­ og medievitenskap, UiB

Rotete om korleis teknologi forandrar samfunnet

Dette er ei bok som burde blitt sendt attende til skrivebordet.

Arne Krokan har med boka Homo Appiens. Hvordan tek­nologi endrer våre liv, sett føre seg å svare på nettopp det: Han trekk opp dei lange linene og måler på eit breitt lerret, der han går heilt attende til steinalderen og tidlegmenneska sin bruk av bål og enkle reiskap og fram til nettverkssamfunnet, og frå laboratorieskapt kjøt til plattformøkonomien.

Boka er eit fagfellevurdert vitskapleg verk, men retter seg like mykje til eit ålment publikum. Krokan, som er professor ved NTNU og ein av dei fremste ekspertane på teknologi og økonomi i landet, har ei imponerande oversikt over korleis teknologi grip inn i den økonomiske sektoren og forandrar korleis me arbeider, og korleis verksemder blir organiserte og tener pengar.

Med denne boka, som inngår i ein trilogi, set han føre seg å demonstrere korleis overgangen frå industriell til digital økonomi fører til store samfunnsmessige omveltingar. Det er eit stort spørsmål – og problemet er at det verker for stort for denne boka. Krokan skriv at mange kapittel har vore publisert i annan form tidlegare, og det merker ein fordi boka rett og slett ikkje er godt nok sydd saman. Det tydelegaste dømet er kapittelet om matproduksjon, som eg rett og slett ikkje forstår kva har med den digitale økonomien å gjere.

Kapitla om Krokan sitt eige spesialfelt, som digitalisering og plattformøkonomien, er betre og kan fungere som ein grei introduksjon til viktige idear og utviklingstrekk. Diverre er alle kapitla i boka skjemma av dårleg disponering og til tider dårleg språk, altså dårlege setningar som tilslører og forenklar heller enn klargjer. I kapittelet om plattformøkonomi hoppar forfattaren til dømes frå å diskutere dei mørke sidene ved algoritmar til brått å diskutere plattformkultur og tillit.

Tidleg i boka blir teknologien Kina nyttar til å overvake uigurane, samanlikna med teknologi som overvaker demenspasientar – for å syne korleis vår etiske vurdering av teknologi er kontekstavhengig. Slike samanlikningar er tilslørande fordi dei to døma er av heilt ulik art. Det er heller ikkje ein tydeleg, klar dialog med forskingslitteraturen, noko som er merkeleg i ei fagfellevurdert bok – igjen med nokre unntak, som når overvåkningskapitalismen blir drøfta.

Alt i alt er dette ei bok som eg får inntrykk av har blitt prega av hastverk – av forfattar, forlag, og mest truleg også fagfellar. Det er synd, for det er tydeleg at forfattaren er særs kunnskapsrik.