Share
Bokanmeldelse

Strategic Communcation and AI

Forfatter: Simon Moore og Roland Hübscher Forlag: Routledge Focus, 2023
Anmeldt av: John Magnus Ragnhildson Dahl, postdoktor ved Institutt for informasjon og medievitenskap, UiB.

Ein nettlesar som forstår korleis me har det? 

Ein god introduksjon til korleis KI i framtida kan tilpasse kommunikasjon til kvar einskild av oss, akkurat passande for situasjonen me er i der og då. 

Ein ting har eg lært av å arbeide tett med forskarar på kunstig intelligens: KI blir aldri betre enn det du mater den med – det gjeld både materialet den er trena på og, ikkje minst, prompta du gjev den for å løyse ei oppgåve. Dette er noko ein alltid må ha i bakhovudet i høgtflygande diskusjonar om kor revolusjonerande KI er (sjølv om den har ufatteleg reknekapasiteten, er all KI framleis mindre fleksibel og kreativ enn katten min), men også når ein vil nytte KI som det det kan vere: eit særs nyttig og arbeidsbesparande verkty. 

Sidan strategisk kommunikasjon nettopp krev kreativitet og forståing for kontekst, var eg difor særs nyfiken når eg byrja å lese Strategic Communication and AI av Simon Moore og Roland Hübscher. Boka frå 2022 har blitt aktuell igjen som ny (og billegare) pocketutgåve, og ikkje minst aktuell for norske lesarar i ljos av regjeringa si KI-satsing både i form av forskingsmiddel og i form av ein dedikert ministerpost. Det er to ting å merke seg før ein eventuelt går til innkjøp av denne boka. Det første er at det er ein vitskapleg monografi – altså er den først og fremst eit forskingsbidrag heller enn ei handbok, men den er oversiktsprega og jordnær nok til å vere nyttig også for praktikarar.

Det andre – og viktigaste – er at det er undertittelen, Public Relations with Intelligent User Interfaces, som fortel oss kva boka verkeleg handlar om. Dette er nemleg ikkje ei bok om «alt» ein som PR-arbeidar og kommunikator kan gjere med KI, men om ein bestemt form for kunstig intelligens: Intelligente brukargrensesnitt, som kan forstå kva brukaren meiner. Dette inkluderer velkjende ting som søkemotorar og sosiale media som personaliserar resultat og nyhendestraum etter interesser og demografi, men også mindre kjente former for brukargrensesnitt som GPS-kart som føler trafikkstress og endrar seg slik at dei blir meir brukarvenlege, robotar som kan både bli styrt av og imitere berøring, ein elektronisk assistent som både forstår humøret vårt og vitsane våre. 

Boka går ryddig og lesarvenleg gjennom dei ulike måtane intelligente brukargrensesnitt vil vere ein nyskaping på, og diskuterer i kvart kapittel korleis desse ulike nyskapingane kan kome til nytte for PR-bransjen. Det oppsummerande nøkkelordet er hyperpersonalisering: Ved hjelp av intelligente brukargrensesnitt kan ein kan hende oppnå den store PR-draumen: Å endeleg gå frå massekommunikasjon til ein til ein-kommunikasjon, der en responderer ikkje berre på den oppsamla kunnskapen ein har om publikum, men også den einskilde sine reaksjonar og humør der og då. Potensielt sett kan så klart PR og kommunikasjon bli nær uendeleg mykje meir effektivt då. 

Det er framleis ein lang veg å gå dit – som allereie nemnt er ikkje kunstig intelligens så intelligent endå – og boka sluttar med eit fint oversyn over både tekniske og meir fundamentale vitskaplege problem som ein må løyse før ein har intelligente brukargrensesnitt som både kan bli tilpassa kvar einskild person og som faktisk kan overtale. Boka er særs nyttig som ein introduksjon for alle, særskilt mindre aktørar, som vil vere eitt steg framfor og allereie ha tenkt over dei teknologiske moglegheitene som dukkar opp – men sidan feltet er i rivande utvikling er det viktig å bruke kunnskapen ein får gjennom ei slik bok til å fylgje med på trendar på andre vis enn saktegåande vitskaplege bøker.