Share
Bokanmeldelse

Bli Hørt  

Forfatter: Bård Borch Michalsen  Forlag: Spartacus, 2023
Anmeldt av: John Magnus Ragnhildson Dahl, postdoktor ved Institutt for informasjon og medievitenskap, UiB.

Etos, patos og logos for Power Point-alderen 

Bård Borch Michaelsen har skrive ei underhaldande, solid og matnyttig bok for alle som ynskjer å kommunisere. 

Bli Hørt! Retorikk for et nytt årtusen er ei nyttig bok for praktikarar fordi den har eit solid teoretisk fundament: Den retoriske tradisjonen. Forfattaren har eit retorikksyn der retorikk er noko heilt anna enn «tomme ord»: det er ei kommunikasjonslære som set publikum, kontekst og målet med kommunikasjonen i framsetet. Det er nettopp denne grunnlærdommen i retorikkfaget Michaelsen innleiar boka med, før han nyttar dei neste kapitla til å gå gjennom retorikken sine klassiske talefasar. Vidare diskuterer forfattaren korleis ein kan nytte innsikter frå den klassiske retorikken i særeigne moderne kommunikasjonssituasjonar som den evinnelege power point-presentasjonen. Boka avsluttar med fleire fine smørbrødlister om korleis ein skal kommunisere vellukka – min favoritt er oppskrifta på korleis ein skal gjere alt feil. 

Michaelsen har lese breitt, både innanfor retorikken og innanfor moderne medievitskap, og kombinerer akademiske innsikter med eit vell av historiske og samtidige døme både til inspirasjon og til skrekk og åtvaring. Dessutan kjem han med konkrete råd og framgangsmåtar – ofte i form av lister eller til og med figurar. 

Dette er ei bok der det skjer særs mykje: Det er mange teoretiske poeng, mange faglege råd, mange amerikanske presidentar og romerske statsmenn forfattaren gjerne vil fortelje om. Når det likevel funkar, er det fordi stilen i boka gjennomgåande er prega av overskot. Det er aldri keisamt å lese Bli Hørt!.  

Endå viktigare enn stilen er det solide teoretiske fundamentet som ligg bak denne boka: Retorikk som ein kommunikasjonsfilosofi, og kanskje også som ein slags demokrati-filosofi, der me blir myndige menneske av å lære å ta ordet. Michalsen klarer å få dette solide fundamentet inn i heilt konkrete, mundane råd om korleis ein skal formulere ein e-post eller halde ein power point-presentasjon. Det er nyttig fordi det gjer at alle som driv med kommunikasjon får både praktiske tips og verkty til å reflektere systematisk – noko som gjer boka til ein sjeldan perle.