Share
Bokanmeldelse

Ytringsklima

Forfatter: Øyvind Kvalnes Forlag: Cappelen Damm Akademisk, 2022
Anmeldt av: John Magnus Ragnhildson Dahl, postdoktor, Institutt for informasjons- og medievitenskap, UiB

Tankevekkande om ytringsklima i organisasjonar

Ytringsklima er ei teoretisk velinformert og rik bok med klar relevans for alle som arbeider med internkommunikasjon – og for alle som lever delar av livet sitt i ein organisasjon.

Filosofiprofessor og organisasjonsforskar Øyvind Kval­nes har skrive ei lettlesen, per­spektivrik og nyttig bok om ytringsklima. I desse ytrings­fridomskommisjonstider er det viktig å understreke at boka ikkje handlar om ytrings­klimaet på storsamfunnsnivå, men om ytringsklima i orga­nisasjonar, særskilt arbeids­plassar.

Gjennom 18 kapittel svei­per Kvalnes gjennom ulike dimensjonar av ytringsklima. Eg skal innrømme at som forskar og teoretikar har ein skeptisk ryggmergsrefleks når ein forfattar freista å lage ein syntese av så mange omgrep frå så mange ulike perspektiv som det Kvalnes gjer, men her fungerer det stort sett bra og verkar til og med naudsynt – ein treng perspektiv frå både filosofi, psykologi og organisa­sjonsteori for å forstå ytrings­klima.

Kvalnes skriv også lett og levande, og klarar på ein særs god måte å knytte fors­kingsbasert kunnskap opp mot konkrete døme frå livet på arbeidsplassen – eller i per­sonlege forhold, for den saks skuld. Fleire gonger kjente eg meg igjen og byrja å reflekte­re over eigne erfaringar med ytring og internkommunika­sjon på nyte måtar. At ei bok får ein til å tenkje slik, er eit klart kvalitetsteikn. Særskilt set eg pris på diskusjonen om aktive og passive ytringsfeil. Det er altfor lett å ikkje seie noko høgt – og det kan kan­skje vere vel så uheldig som å seie noko dumt, feil eller sårande.

Alle desse tankevekkande perspektiva og døma, klemt inn i 18 ganske korte kapit­tel, gjer at det blir noko lite plass til både konkrete verkty ein kan bruke for å forbetre internkommunikasjon, og for meir djuptgåande drøf­tingar og motførestillingar. Eg skulle til dømes gjerne ha lese endå meir om korleis ein konkret går fram for å byggje psykologisk tryggleik, og som ein som har vore interessert i kjensler i offentleg debatt, tykkjer eg at sint kommunika­sjon blir kritisert vel hardt og einsidig.

Boka fungerer abso­lutt best som ein døropnar til mange ulike perspektiv på eitt bestemt sentralt fenomen – ytringsklima – og bør lesast som ein tankevekkar og veg­visar vidare.