Share
Bokanmeldelse

Hvordan oppnå suksess i sosiale medier

Forfatter: Astrid Valen­-Utvik Forlag: Hegnar Media, 2022
Anmeldt av: John Magnus Ragnhildson Dahl, postdoktor ved institutt for informasjons- og medievitenskap, UiB

SoMe-kurs i bokform – har både fordelar og ulemper

Det er sjeldan eg har vore så ambivalent til ei bok. På den eine sida har forfattar Astrid Valen­-Utvik stålkontroll på korleis ein skaper verdi for eit føretak i sosiale media. På den andre sida burde forlaget tatt minst to rundar til med manus.

Astrid Valen-Utvik, ein av dei mest brukte SoMe­-konsulen­tane og føredragshaldarane i Noreg, har skrive ei bok som i all hovudsak er ein papir­versjon av kursa ho held om sosiale medium­strategi – med ekstra digitale verkty i form av QR­-lenkjer.

Her blir ein påmint om kor viktig det er å ha ein godt forankra SoMe­-strategi, og at ein ikkje berre kan leggje noko ut når ein har tid til overs. Valen­-Utvik går fint inn i dette gjennom å understreke korleis alle sosiale medium har ein ting til felles: Dei er algorit­medrivne, og ein er altså nøydd til å skape innhald som enga­sjerer for å i det heile komme til i straumen av innhald på folk sine ulike SoMe­plattformer.

Det er særs mange gode innsikter om sosiale medium i denne boka, og dei er tydeleg tilpassa kvardagen i kommer­sielle verksemder, er stort sett pedagogisk forklarte og godt argumenterte for. Eg tykkjer særskilt at forfattaren skal ha honnør for å tydeleggjere kor­leis det er viktig å tenkje på tvers av dei ulike plattforme­ne når ein jobbar med sosiale medium – sjølv om ulike ting fungerer på ulike plattformer, er det også mykje likt, og det raskt foranderlege medie­ og teknologilandskapet krev rett og slett nokre overordna stra­tegiar her.
Her saknar eg kanskje at Valen­-Utvik drøfter korleis sosiale medium nettopp er sosiale, i staden for å setje algo­ritmane i sentrum. Det er jo nettopp SoMe-­innhald si evne til å vekkje engasjement, altså til å fungere som smurning i våre sosiale nettverk, som sti­mulerer algoritmane.

Dette er likevel kanskje berre ei fagleg usemje, og slett ikkje det mest problematiske med boka. Det er nemleg noko heilt anna. Boka hadde verkeleg trunge ein redaktør – og om den har hatt ein redaktør, så burde denne redaktøren ha tatt seg mykje meir tid. Språket er greitt nok, men med fleire småfeil og ein stil som iblant er for munnleg, iblant prega av å ha blitt skrive ned i full fart. Boka har ikkje stikkords­register, og ingen kjelder – noko som blir verkeleg pro­blematisk når forfattaren påstår ting som at folk utan ei etablert, sterk stemme ved hjelp av SoMe kan få politika­rar til å gå tilbake på lovforslag. Slikt slurv med kjelder skjer ein forskar i hjartet.