Share
Bokanmeldelse

Å skape fortellinger. Den lille skriveboka.

Forfatter: Merete Morken Andersen Forlag: Aschehoug, 2022
Anmeldt av: John Magnus Ragnhildson Dahl, postdoktor, Institutt for informasjons- og medievitenskap, UiB

Detaljert for forfatterspirer.

Å skape fortellinger presenterer både interessante refleksjonar og fleire praktiske øvingar kring korleis ein fortel ei forteljing, men boka er nok først og fremst nyttig for alle med ambisjonar om å skrive skjønnlitteratur.

Merete Morken Andersen er vel det ein kan kalle ein nestor i norsk skriveopplæring, der ikkje minst Skriveboka er noko av ein klassikar. 

Å skape fortellinger har undertittelen den lille skriveboka, sjølv om ho er på nesten 500 sider. Ein treng rett nok ikkje lese den frå perm til perm – den har fleire kapittel og mange korte underkapittel og fungerer fint som eit oppslagsverk.
 
I motsetnad til Skriveboka konsentrerer Å skape fortel­linger seg om korleis ein best mogleg kan skrive og formidle forteljingar. Boka starter med spennande og tankevekkande refleksjonar kring krafta forteljingar har i liva våre, før ho set i gang med ei velskriven, men ganske omfattande, innføring i ei rekke narrative omgrep.
Det er gjennomgåande mange gode døme, helst frå skjønnlitteratur,  men også andre teksttypar, frå forskingsartiklar til dataspel. 

Forfattaren klarer også å halde innføringa si praksisnær, slik at teori alltid blir servert som praktiske råd, og det er ei rekkje praktiske oppgåver undervegs. Boka kunne nok med fordel vore strammare  redigert – sjølv om ho stort sett er skriven på ein engasjerande og pedagogisk måte, luggar det litt iblant, noko som gjev meg inntrykk av at forfattaren til tider har hatt dårleg tid.

Ein kunne kanskje også skrelt vekk den siste delen som handlar om andre delar av skriveprosessen enn det å skrive forteljingar. Nokre av oppgåvene slår meg også som ganske så avanserte dersom ein skal gjere det heime åleine, altså utan ein skrivelærar.

Hovudinnvendinga  mi  –  som eigentleg ikkje er ei innvending, men heller ei påpeiking – er at sjølv om boka presenterer seg sjølv som nyttig for alle som skriv forteljingar, også innanfor sakprosa, så er ho lagd opp på ein slik måte og med eit slikt detaljnivå at ho nok er mest nyttig for alle med skjønnlitterære ambisjonar.

Dei av oss som skal bruke ei kort forteljing i ein formidlande tekst, treng rett og slett litt anna rettleiing enn ein som skal skrive ein roman med ti karakterar over 300 sider. Når det er sagt, er Å skape fortel­linger særs solid og velskriven til sitt føremål – ein må berre vere klar over kva det er.