Share
Bokanmeldelse

Innsyn i praksis

Forfatter: Tarjei Leer-Salvesen Forlag: Cappelen Damm, 2021
Anmeldt av: John Magnus Dahl, universitetslektor, Institutt for informasjons- og medievitenskap, UiB.

Nyttig om innsyn som verktøy

Ei særs god, praksisnær bok om innsyn – først og fremst i dokument omfatta av offentleglova, men også om alt frå helsedata til informasjon om miljøavtrykket til genseren du har på deg. 

Boka vil vere nyttig for alle som arbeider med innsyn: journalistar, men også for personar i næringslivet, organisasjonslivet, kanskje dei på «den andre sida» i arkiv og offentleg sakshandsaming – og for deg som berre er interessert i å vite om naboen sin byggesøknad har blitt handsama like strengt som din.  

Innsyn handlar om makt og om å kontrollere dei som har makt. Leer-Salvesen arbeider seg systematisk gjennom korleis innsynsprinsippet fungerer. 
Forfattaren går grundig gjennom offentleglova og forklarar korleis dei ulike paragrafane, og ikkje minst føremålsparagrafen i lova, kan bli nytta for å argumentere for innsyn og klage på avslag.  

Boka går også gjennom andre måtar å få innsyn på, og avdekker mykje interessant som ikkje er kjent for dei fleste, til dømes miljøinformasjonsloven eller korleis norsk lov kan vere nyttig for å skaffe informasjon om tilhøve i utlandet – og omvendt. 
Man får og vite korleis ein kan nytte dei ikkje alltid umiddelbert enkle, digitale verktya som er tilgjengeleg. 

Leer-Salvesen skriv godt, levande og forståeleg. Iblant -men ikkje for ofte- spedd med tørr humor i alle fall eg set pris på, som då han nemner at dersom ein i eit land har gode lover om innsyn, men risikerer å bli drept dersom ein faktisk ber om innsyn, «vil det ha en såkalt avkjølende effekt på bruken».  

Den største styrken i boka er dei mange døma, som verkeleg illustrerer praktiske og lovmessige problem ein kan støte på. Dersom det er noko eg saknar er det eit stikkordsregister. Dersom ein arbeider med eit konkret saksområde ein vil ha innsyn i, hadde det vore nyttig å kunne nytte boka som eit oppslagsverk, og ikkje måtte skumme gjennom frå perm til perm på jakt etter det som er relevant – slik ein måtte i gamaldagse analoge postjournalar, for å nytte ein analogi frå feltet.