Share
Bokanmeldelse

Den gode historia. Skriveråd for engasjerande forskingsformidling.

Forfatter: Åsmund H. Eikenes Forlag: Universitetsforlaget, 2021
Anmeldt av: John Magnus Ragnhildson Dahl, postdoktor, Institutt for informasjons­ og medievitenskap, UiB

På sitt beste er Den gode historia ei perle om historieforteljing som forskingsformidling. Samstundes er det ei bok som vil for mykje og ikkje rekk alt ho vil.

Eg blei straks fanga inn då eg opna Den gode historia, skriven av ein av landets fremste forskingsformidlarar, Åsmund H. Eikenes. I tillegg til å ha formidla mykje innanfor sitt eige fagfelt, biologi og biomedisin, har Eikenes hatt ansvar for fleire formidlingskurs på Universitetet i Oslo.

Som tittelen til boka røper, er det historieforteljing som er spesialiteten til Eikenes. Dei kapitla som fortel oss kvifor ein skal fortelje historier om forsking, og forklarer korleis ein kan gjere det bra, er dei sterkaste.

Diverre verker det som om Eikenes (eller forlaget?) også vil dekkje alt mogleg anna som kan ha ein verdi for forskingsformidlaren: Her er eit kapittel om retorikk, som raser gjennom både dei tre appellformene, litt argumentasjonsteori og visuell retorikk; eitt eige kapittel – og fleire lause avsnitt – om kvifor me som vitskapsfolk skal gidde å formidle i det heile; og dessutan ein eigen del om skriveråd, som rett nok blir framheva som basert på Eikenes sine personlege erfaringar, men likevel verka som ei noko tilfeldig liste – dessutan blir også desse råda rast gjennom på altfor få sider.

Det finst mykje godt stoff spreidd rundt i desse kapitla også, men hovudinntrykket er at boka vil for mykje, og difor ikkje tek seg tid til å gjere alt dette skikkeleg. Det er også synleg gjennom dumme småfeil, som å gje ein anna viktig vitskapsformidlar, Anders Johansen, tittelen «litteraturvitar». Dette er synd, for delane om historieforteljing er riktig gode – med kritiske refleksjonar, konkrete verkty og mange sterke, illustrerande døme. Ikkje minst klarer Eikenes å demonstrere poenga sine gjennom å fylgje dei i praksis.

Det er ikkje heilt god skikk at ein bokmeldar ynskjer at forfattaren skreiv ei anna bok enn den som faktisk ligg føre. Men akkurat her vonar eg i alle fall at Eikenes i framtida utvidar stoffet og skriv ei heil bok om korleis ein kan fortelje gode historiar om vitskap.