Share

SEO- og innhaldsspesialist

Universitetet i Oslo, Det humanistiske fakultetet (HF)
Oslo

Søknadsfrist:
14. april

Stillingstype:
Fulltid

Kontakt:

For spørsmål om stillinga:
Kommunikasjonssjef 
Petter Løken
952 37 474

For spørsmål om korleis du søkjer:
Personalkonsulent 
Daniel Nersveen
22 84 44 48

Om stillinga

Vil du vere med å bidra til at Noreg har rett kompetanse i framtida? Det humanistiske fakultet (HF) ved Universitetet i Oslo skal tilsette ein kommunikasjonsrådgivar i ei 100 prosent nyoppretta stilling som er øyremerka arbeidet med å rekruttere nye studentar.

Stillinga krev at du er flink på søkemotoroptimalisering (SEO), forstår viktigheita av å jobbe strukturert og målretta med kvalitetssikring i ein svært stor informasjonsarkitektur, har nase for tekstleg og visuell formidling, og veit korleis du skapar synergieffektar av tekst-, bilete- og videoinnhald på tvers av dei ulike flatane og kanalane som UiO brukar.

Er du i tillegg flink til å samarbeide og god på å finne fleksible løysingar, er dette stillinga for deg.


Vi ønsker at du:

  • har ei strategisk og levande penn.
  • kan formidle spennande historier ved å kombinere tekst, bilete og video.
  • tenker målretta ved val av innhald og kanalar for å nå ulike målgrupper.
  • er flink til å gi råd om kompliserte kommunikasjonsmekanismar på ein enkel måte.

Samfunnsoppdraget til HF er å bidra til kritisk tenking, ny kunnskap og innsikt, og utdanne studentar til eit arbeidsliv og ein verden i endring (HF 2030).

Som SEO- og innhaldsspesialist blir du sentral i arbeidet med å gjera det enklare for framtidige studentar å finne ut kva dei kan studere ved fakultetet og kva dei kan jobbe med etter endt utdanning. Arbeidet med nettsider og andre kanalar skjer innafor UiO sine rammer.

Ved HF vil du jobbe i ei av dei største kommunikasjonsseksjonane ved UiO, og vere ein del av eit kjekt og kunnskapsrikt arbeidsmiljø med brei kommunikasjonsfagleg kompetanse. Du kjem til å samarbeide tett med fakultetet si studiewebredaktør og resten av studieseksjonen, samt andre delar av organisasjonen. Du vil rapportere til kommunikasjonssjefen ved fakultetet.


Viktige arbeidsoppgåver i stillinga

  • SEO, kvalitetssikring og oppdatering av program- og emnesider.
  • Planlegge og produsere nytt rekrutterande innhald som spelar på lag med programsider og alle tilgjengelege flater heile året, og der det kan gjerast uttak til sentrale kampanjar.
  • Skape eit heilskapleg inntrykk av studieprogramma og tilværet som student.
  • Jobbe overordna med synlegheit og nyttiggjera potensialet i all kunnskapen vi har på tvers av studie- og kommunikasjonsseksjonen.

Kvalifikasjonskrav 

  • relevant journalist- eller kommunikasjonsfagleg utdanning, minimum på bachelornivå. Relevant realkompetanse kan erstatte utdanningskravet.
  • solid SEO-kompetanse.
  • gode ferdigheiter i bruk av GA4 og andre måleverktøy.
  • sterk tekstleg og strategisk formidlar, som veit korleis du vekker interesse og skapar engasjement hos ulike målgrupper i ulike kanalar.
  • gode kommunikasjonsevner og språklege ferdigheiter på norsk og engelsk.
  • vi legg stor vekt på at du er motivert og personleg skikka for stillinga.

Det er òg ein stor fordel om du har:

  • kunnskap om korleis du vekker engasjement hos yngre målgrupper
  • god erfaring med å filme og ta bilder
  • erfaring med kampanjearbeid
  • gode kunnskapar om GDPR og UU
  • kjennskap til universitets- og høgskolesektoren

Vi tilbyr

  • Stillingskode rådgivar SKO 1434 - løn kr 584 500 – 692 400 pr. år.
  • eit hyggeleg arbeidsmiljø og arbeidsoppgåver med moglegheit for fagleg og personleg utvikling
  • fleksibel arbeidstid
  • god pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
  • stilling i ein IA-virksomhet, gode velferdsordningar (uio.no) og moglegheit til trening i arbeidstida

Søknaden skal innehalde

  • søknad
  • CV
  • vitnemål

Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Når du søker på stillingane, ber vi deg hente utdanningsresultata dine frå Vitnemålsportalen.no. Om utdanningsresultata dine ikkje er tilgjengeleg via Vitnemålsportalen, ber vi deg laste opp kopiar av vitnemåla eller karakterutskrifta dine.


Andre opplysningar

Aktuelle søkarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjorde sjølv om søkaren har bede om ikkje å bli oppført på søkarlista.

Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetting. Vidare ønsker vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det. 

Om det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju.


Kontaktinformasjon

For spørsmål om stillinga: Kommunikasjonssjef Petter Løken, telefon: 952 37 474

For spørsmål om korleis du søkjer: Personalkonsulent Daniel Nersveen, telefon: 22 84 44 48


Søk på stillingen via Jobbnorge


Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.

Det humanistiske fakultetet (HF) ved Universitetet i Oslo er det største humanioramiljøet i Noreg og eit av dei beste humanistiske fakulteta i Norden.

Fakultetet har om lag 6000 studentar og tilbyr 14 bachelorprogram, 22 masterprogram, 18 årseiningar og meir enn 70 fag innanfor områda språk, kultur, historie, medium, litteratur og idéfag. På Det humanistiske fakultetet jobbar i overkant av 700 tilsette på sju institutt, to senter og einfakultetsadministrasjon. HF er vertsfakultet for den tverrfakultære satsinga UiO:Demokrati, og har òg to senter for framifrå forsking (SFF).

Foto: Jarli&Jordan / UiO