Share

Vil du jobba for Noregs største universitet? Vi søkjer ein god innhaldsprodusent til kanalane våre.

NTNU, Kommunikasjonsavdelingen
Trondheim

Søknadsfrist:
02. mai

Stillingstype:
Fulltid

Kontakt:

Jannicke Ettema
Seksjonssjef
97 19 47 68
jannicke.ettema@ntnu.no

Har du lyst til å jobba for Noregs største universitet, med ei sterk merkevare og eit viktig samfunnsoppdrag? Vi ser etter deg som vil produsera godt og engasjerande innhald i kanalane våre.

Dette er NTNU

NTNU er eit breiddeuniversitet med ein teknisk-naturvitskapleg hovudprofil og eit tyngdepunkt innan profesjonsutdanning. Universitetet er lokalisert i tre byar, med hovudsete i Trondheim.

På NTNU arbeider 9 000 tilsette og 43 000 studentar med å skapa kunnskap for ei betre verd.


 

Som innhaldsprodusent i seksjon for digitale kanalar, system og design vil du laga innhald som treff våre målgrupper innan studentrekruttering, forskingsformidling og organisasjonsnyhende. Du får vera tett på det som skjer ved NTNU og bidra til å dekkja mellom anna arrangement, debattar og hendingar ved Noregs største universitet.

Har du brei erfaring med innhaldsproduksjon til ulike plattformer og ulike kanalar? Ønskjer du å jobba med innhaldsproduksjon til sosiale medium, intranett og NTNUs nyheitsplattform? Vil du jobba med tekst, bilete og video? Er du god til å finna og formidla dei gode historiene og å halda deg oppdatert på teknologi og verktøy innan innhaldsproduksjon? Då kan du vera den vi søkjer etter. Hos oss vil du få varierte oppgåver og utviklingsmoglegheiter i samarbeid med dyktige medarbeidarar både i kommunikasjonsavdelinga og i andre delar av NTNU.

Vi søkjer deg som er nysgjerrig, tar initiativ, er kreativ og kan produsera allsidig innhald til både interne og eksterne kanalar. Du er god på klarspråk og visuell framstilling av bodskap og å gjera dette på ein måte som svarer på dei ulike målgruppene sine ønskjer og behov. Du samarbeider godt med andre både innanfor kommunikasjonsfaget og på tvers av fagfelt, og du er ikkje redd for å prøva noko nytt. Som innhaldsprodusent vil du få oppgåver med både kortare og lengre tidshorisont, og du må evne å omstille deg raskt dersom det trengs.

NTNU er Noregs største universitet og ein attraktiv arbeidsgivar. Vi har ei sterk merkevare og eit viktig samfunnsoppdrag. I kommunikasjonsavdelinga har vi eit stort kommunikasjonsfagleg miljø med både generalistar og spesialistar innanfor ulike delar av kommunikasjonsfaget.

Du vil rapportera til seksjonssjef og vil samarbeida med heile kommunikasjonsavdelinga i tillegg til andre fagmiljø og einingar ved NTNU. Arbeidsstad er i Trondheim.

For meir informasjon: Kommunikasjonsavdelinga - NTNU


Arbeidsoppgåver

  • planleggja og produsera innhald, både tekst, bilete og video, tilpassa NTNUs sine målgrupper
  • tilpassa og publisera innhald i NTNUs sine kanalar og plattformer, både internt og eksternt
  • forvalta innhald ved å moderera og kommunisera i ulike relevante kanalar
  • samarbeida med ulike fagmiljø ved NTNU om å produsera engasjerande innhald
  • halda deg oppdatert på aktivitetar som skjer ved NTNU og produsera relevante organisasjonsnyheiter
  • bidra i det redaksjonelle kommunikasjonsarbeidet i seksjonen og avdelinga

Kvalifikasjonskrava

  • relevant utdanning innan kommunikasjon, medieproduksjon, journalistikk eller liknande. Relevant realkompetanse og erfaring kan kompensera for utdanningskravet
  • erfaring med å laga innhald som engasjerer i digitale kanalar
  • god kunnskap om trender i sosiale medium
  • interesse for og kunnskap om korleis ny teknologi kan støtta innhaldsproduksjon
  • meget gode kommunikasjonsferdigheter skriftleg og munnleg på norsk (bokmål og nynorsk) og engelsk

Ønskte kvalifikasjonar

  • erfaring med Adobe-pakken
  • erfaring med å jobba i redaksjon og/eller produksjonsmiljø

Personlege eigenskapar 

Vi søkjer etter deg som:

  • er ein lagspelar som evnar å samarbeide og bygge relasjonar med andre, både innanfor eige fagfelt og på tvers av fagmiljø og einingar i organisasjonen
  • jobbar systematisk, planmessig og effektivt
  • viser oppriktig interesse for NTNUs viktigaste målgrupper og brukarar og evnar å tilpasse innhald og kanalval til desse
  • er ein god kommunikatør som formidlar informasjon med klarheit og lettheit, både munnleg og skriftleg
  • delar kunnskap og gir konkrete og konstruktive tilbakemeldingar
  • er lærevillig og bevisst på dine styrkar og svakheiter slik at du veit å søkje hjelp frå andre når det er naudsynt
  • har forståing for og lar deg inspirera av NTNUs samfunnsoppdrag, mål og strategiar
  • tar raskt til deg ny kunnskap og er i stand til å bruka eksisterande kunnskap på nye måtar

Når vi vurderer kven som er best kvalifisert for stillinga legg vi vekt på utdanning, erfaring, personleg eignaheit og motivasjon for stillinga.


Vi tilbyr 

  • interessante og varierte oppgåver i eit sterkt fagmiljø, med eit stort fagleg kommunikasjonsnettverk på tvers av einingane i organisasjonen
  • eit åpent og inkluderande arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
  • ein framtidsretta arbeidsgivar med eit viktig samfunnsansvar
  • fleksibel arbeidstid og moglegheit for heimekontor inntil to dagar per veke etter avtale med leiar
  • gunstige låne- og forsikringsvilkår i Statens pensjonskasse
  • tilsettegoder og fordelar

Lønn og vilkår 

Stillinga som rådgivar (kode 1434) blir lønna etter nærare avtale, avhengig av kvalifikasjonar og ansiennitet. Frå lønna blir 2 % lovfesta innskot trekte til Statens pensjonskasse.

Tilsetjinga blir gjennomført etter prinsippa i statstilsettelova, og lovverk som regulerer eksport av kunnskap, teknologi og tenester.


Om søknaden

Vi gjer merksame på at vi vurderer søknaden din berre ut frå informasjonen som ligg føre ved utløpet av søknadsfristen. Derfor må du sørgja for at søknaden din tydeleg viser korleis kvalifikasjonane og erfaringane dine oppfyller kriteria som er beskrivne over. Søknaden må innehalda:

  • CV, attestar og vitnemål
  • ei beskriving av motivasjonen din for stillinga

Dersom heile eller delar av utdanninga di er tekne i utlandet, ber vi deg i tillegg om å leggja ved dokumentasjon på omfang og kvalitet for heile utdanningsløpet ditt, både bachelor- og masterutdanning, i tillegg til anna høgare utdanning. Dersom du allereie har ei fråsegn frå NOKUT, er det fint om du legg ved ho òg.


Generell informasjon 

Ved NTNU er inkludering og mangfald ein styrke. Vi ønskjer at våre tilsette skal spegla befolkninga, og søkjer til kvar tid dei beste hovuda. Dette meiner vi gir oss auka produktivitet, innovasjonsevne, betre avgjerdsprosessar, auka medarbeidartilfredsheit og det konkurransefortrinnet vi treng for å gjennomføra samfunnsoppdraget vårt innan forsking og utdanning.

Ved NTNU legg vi vekt på tilrettelegging, og vi oppmodar deg som kvalifisert kandidat til å søkja uavhengig av kjønn, funksjonsevne, hol i CV eller kulturell og etnisk bakgrunn.

Som tilsett ved NTNU må du til kvar tid retta deg etter endringar som utviklinga i faget medfører, og dei organisatoriske endringane som blir vedtekne. Derfor må du rekna med at det kan skje endringar innanfor arbeidsområdet.

Vi oppmodar kandidatar som har god nynorskkompetanse til å søkja på stillingar ved NTNU.

Når søknadsfristen er utgått, lagar vi ei offentleg søkjarliste som inneheld namnet til søkjarane, alder, stillingstittel og bustadkommune. Dersom du ønskjer å reservera deg frå å stå på den offentlege søkjarlista, må du grunngi dette. Vurderinga vår blir gjord i samsvar med gjeldande lovverk. Du vil bli varsla dersom reservasjon ikkje blir teken til følgje.

Viss du har spørsmål om stillinga, kan du ta kontakt med seksjonssjef Jannicke Ettema, tlf. 971 94 768, e-post jannicke.ettema@ntnu.no.

Synest du dette ser interessant ut, og i samsvar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via jobbnorge.no med CV, vitnemål og attestar vedlagde. Ved førespurnad må du kunna skaffa stadfesta kopiar av dokumentasjonen din og aktuelle referansar.


Søknadsfrist: 02.05.2024


Søk på stillingen via Jobbnorge


NTNU - kunnskap for ei betre verd

NTNU - kunnskap for ei betre verd

Ved NTNU, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, blir kunnskap skapt for ei betre verd og løysingar som kan forandra kvardagen.

Kommunikasjonsavdelinga
Kommunikasjonsavdelinga har eit overordna ansvar for strategisk og operativ kommunikasjon ved NTNU. Avdelinga leier kommunikasjonsområdet sentralt på universitetet, med særleg ansvar for samfunnskontakt, formidling og merkevarebygging, i tillegg til utvikling og forvaltning av NTNUs kommunikasjonskanalar.

Kommunikasjonsavdelinga er ei avdeling i Fellesadministrasjonen.