Banner
Fredagsstafetten

– Løft blikket opp frå PC-en

Stine Hommedal, seniorrådgjevar ved avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt hjå Havforskningsinstituttet, meiner vi bør bli flinkare på å avmystifisere det vi driv med, og å jakte dei gode historiene ved å prate med folk i eigen organisasjon.

Fredagsstafetten

Ny stafettløper hver fredag. Samme spørsmål.

Randi Laukli, kommunikasjonsleder ved Nasjonalt senter for e-helseforskningt ga stafettpinnen videre til Stine Hommedal, seniorrådgiver ved avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt hos Havforskningsinstituttet. 

Kva skal til for å gi deg helgefølelsen? 

– Når sambuaren serverer kaffi på senga laurdag morgon, då er det helg! 

Korleis ser du for deg at kunstig intelligens vil påverke kommunikasjonsfaget og jobbane våre framover? 

– Eg trur kunstig intelligens vil vera eit stadig betre verktøy for å løysa dei meir «kjedelege» og rutineprega oppgåvene vi har, noko som vil gi oss betre tid og rom for å jobba kreativt, overordna og strategisk – med både folk og innhald. 

 

Ikke medlem?

Vi jobber for faget! Som medlem får du mange fordeler og et landsdekkende faglig nettverk.

Medlemsfordeler

Treng vi eit lobbyregister i Noreg? 

– Ja, det er på overtid. 

 

Vi kan bli endå flinkare til å avmystifisere det vi driv med.
Stine Hommedal

Kva kan kommunikasjonsfolk gjere for å styrke tilliten til eigen bransje? 

– Vi kan bli endå flinkare til å avmystifisere det vi driv med. Om vi kan snakke om kva yrket vårt handlar om, heilt konkret og hakket mindre svulstig enn kva ein ser i ein del samanhengar, så blir det lettare for folk å forstå kva vi faktisk gjer – og kvifor jobben vår er så viktig (som den er!). Eg trur nøkkelen for å lukkast med det, er godt språk – og at vi legg vekt på substansen i det vi driv med; poenget med god og tilgjengeleg informasjon.

Gi eit døme på ein kommunikasjonsjobb du meiner har gjort ein forskjell i folk sin kvardag? 

– Eg syns Helsedirektoratet si satsing med "Helsa di" snakkar til folk på ein inkluderande og tilgjengeleg måte. Godt innhald, godt språk og utan peikefinger. 

 

Ei god sak treff på nyheitskriteria og er interessant for eit større publikum.
Stine Hommedal

Kva er ditt beste tips for å få ei sak i media? 

– Å faktisk ha ei god sak. Ei god sak treff på nyheitskriteria og er interessant for eit større publikum. Har ein høve til å tilby reportasjeelement i tillegg, så kjem ein ofte langt. «Få meg på fordi eg vil på» er derimot eit heller dårleg innsal.

 

Kven meiner du vi skal intervjue neste fredag? 

– Eg føreslår at de tek ein prat med nettredaktør Rune Eian på Norges geologiske undersøkelse (NGU) i Trondheim – og gratulerer med nye, flotte nettsider i same slengen. 

 

Og kva for eit bonusspørsmål ville du gjerne hatt? 

– Korleis får ein tak i desse gode nyheitssakene som ein skal prøva å få på i media då? 

 

Og da svarar du? 

– Med å løfta blikket opp frå PC-en, reise seg frå stolen og gå ut i eigen organisasjon for å prata med alle dei dyktige, interessante folka som garantert er der. Det er dei som har historiane du skal fortelja. 

Stine Hommedal (36)

Stilling: Senior kommunikasjonsrådgjevar i Havforskingsinstituttet (HI) 

Tidlegare jobbar verdt å nemne: Journalist i NRK og TV 2 

Utdanning: Journalistutdanna frå Høgskulen i Volda, ymse samfunnsfag frå Universitetet i Bergen


Siste saker

Har du lest disse?

Medlem
Medlem
Teknologi og digital kommunikasjon

Fem KI-programmer du enkelt kan teste

Les Mer