Share

Webredaktør

Universitetet i Bergen
Bergen

Søknadsfrist:
04. sep.

Stillingstype:
Fulltid

Kontakt:

programdirektør for digitalisering
Mathilde Holm
[email protected]
45 51 53 04

seksjonssjef
Hans-Petter Isaksen
[email protected]
45 42 98 66

Rådgjevar 

Kommunikasjonsavdelinga søker ein dyktig webredaktør (rådgjevar) i fast 100% stilling.

UiB skal etablere og vidareutvikle ei ny og framtidsretta plattform for uib.no og ser etter ein erfaren og allsidig webredaktør.

Webredaktøren skal ha eit overordna operativt ansvar for UiB sine nettsider med ansvar for at nettstaden blir forvalta i samsvar med mål, innhaldsstrategi og handlingsplanar for www.uib.no, samt retningslinjer som gjeld for offentlege nettstader.

Webredaktøren skal bygge opp og forvalte en webredaksjon med bidrag frå heile organisasjonen.

Stillinga er lagt til Seksjon for web og design på Kommunikasjonsavdelinga, som har redaksjonelt ansvar og er systemeigar for uib.no.

Stillinga er ei fast 100 % stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar tilknytt den sentrale kommunikasjonsavdelinga til UiB, eit av Vestlandets største fagmiljø for kommunikasjonsarbeid.


Arbeidsoppgåver:

Webredaktøren skal ha ei operativ, leiande rolle i arbeidet med uib.no

  • Bidra til at uib.no framstår som aktuell, korrekt og oppdatert i samarbeid med einingane i organisasjonen
  • Følgje opp lokale webkontaktar og innhaldsprodusentar
  • Bruke statistikk i kontinuerleg forbetringsarbeid (bruksstatistikk, søkeåtferd osb.)
  • Sørge for kontinuerleg søkelys på søkeoptimalisert innhald
  • Følgje opp tilbakemeldingar frå brukarar
  • Handheve innhaldsstrategien for uib.no (og delta i etablering av denne gjennom eit pågåande prosjekt for oppgradering av uib.no)
  • Opplæring, kompetansebygging, nettverkssamlingar, webrådgjeving 
  • Støtte til einingane til analyser, brukarundersøkingar, talmateriale, rapportar osv.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha utdanning på mastergradnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • Relevant praksis
  • Solid erfaring som webredaktør eller tilsvarande
  • Kunne stadfeste resultat frå tilsvarande arbeidsoppgåver
  • Takle høgt tempo og evne til oversikt
  • Erfaring og kunnskap om brukaroppleving, webteknologi og erfaring med verktøy som til dømes Google Analytics og Siteimprove
  • Gode språkkunnskapar og evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Stilling som rådgjevar (kode 1434) i årslønn som for tida er kr. 563 000 - 626 000 brutto) i det statlege lønnsregulativet. For særskilt kvalifiserte søkarar kan høgre lønn bli vurdert
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: programdirektør for digitalisering Mathilde Holm: [email protected]/ 455 15 304 eller seksjonssjef Hans-Petter Isaksen: [email protected]/ 454 29 866.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.


Søk på stillingen via Jobbnorge


Om Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om kommunikasjonsavdelinga her

Foto: Universitetet i Bergen