Share

Kommunikasjonsrådgjevar

Universitetet i Bergen
Bergen

Søknadsfrist:
07. aug.

Stillingstype:
Fulltid

Kontakt:

gruppeleiar
Odd Vegard Kandal-Wright
[email protected]
99 50 09 60

seniorrådgjevar
Ingeborg Revheim
[email protected]
97 51 60 25

Vi søkjer ein engasjert og initiativrik kommunikasjonsrådgjevar i fast 100% stilling (kode 1434 rådgjevar). Stillinga er knytt til Gruppe for Prosjekt og marknadsføring på Kommunikasjonsavdelinga ved UiB.

Du blir ein del av eit offensivt kommunikasjonsmiljø og Gruppe for prosjekt og marknadsføring er sentral i arbeidet med å bygge UiB sitt omdømme gjennom strategisk kommunikasjonsarbeid mot hovudmålgruppene til UiB. Vi jobbar tett med fleire av dei leiande kommunikasjons- og analysebyråa i Noreg for at UiB skal styrke eit allereie godt omdømme.

Vi ser etter deg som har evne til å arbeide strategisk og praktisk med utvikling og koordinering av store arrangement og prosjekt, erfaring med digitale flater for kommunikasjon og marknadsføring og som kan jobbe godt i lag med kollegaer på tvers i organisasjonen og eksterne aktørar.


Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene inkluderer eit bredt spekter av marknads- og kommunikasjonsformer som krev høg kommunikasjonsfagleg kompetanse. Du må arbeide systematisk og kunne koordinere og utvikle prosjekt og arrangement i samarbeid med interne og eksterne partnarar.

Stillinga krev også god forståing for digitale kommunikasjonsflater og evne til å produsere eige innhald, t.d. på nettsider og i sosiale medium.

Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Utdanning på bachelornivå (lang og relevant erfaring kan i nokre tilfelle erstatte krav om utdanning)
  • Interesse for og erfaring med strategisk kommunikasjonsarbeid, marknadsføring, merkevare- og omdømmebygging
  • Erfaring med å koordinere og leie prosjekt eller arrangement
  • Trivs i ein til tider travel kvardag med høgt tempo
  • Gode språkkunnskapar og evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
  • Ein god lagspelar og relasjonsbyggar

Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.


Vi kan tilby:

  • Fagleg utfordring og utvikling i eit av Vestlandets største fagmiljø for kommunikasjonsarbeid
  • Eit kjekt, dynamisk og engasjerande arbeidsmiljø i trivelege lokalar i Bergen sentrum
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse og stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-bedrift)
  • Fleksibel arbeidstid
  • Stilling som rådgjevar (kode 1434) i årslønn  kr. 563 000 - 626 000 brutto) i det statlege lønnsregulativet. For særskilt kvalifiserte søkarar kan høgre lønn bli vurdert.
  • Gode velferdsordningar blant anna trening i arbeidstida

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: gruppeleiar Odd Vegard Kandal-Wright: [email protected]/ 99500960 eller seniorrådgjevar Ingeborg Revheim: [email protected]/ 97516025.

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga

Nærare om tilsettingsprosessen her.


Søk på stillingen via Jobbnorge


Om Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om kommunikasjonsavdelinga her.

Foto: Universitetet i Bergen