Share

Seksjonssjef - kommunikasjon

Det humanistiske fakultet, Universitetet i Oslo
Oslo

Søknadsfrist:
27. aug.

Stillingstype:
Fulltid

Kontakt

For spørsmål om stillinga:

Monica Bakken
Fakultetsdirektør
tlf. 970 82 983
monica.bakken@hf.uio.no

For spørsmål om korleis søke:

Julie Tøllefsen
Personalkonsulent
tlf. 22854033
j.b.tollefsen@hf.uio.no

Vi søker ein fagleg sterk seksjonssjef (SKO 1211) som er erfaren og trygg i leiarrolla.

Det humanistiske fakultet er det største fakultetet ved Universitetet i Oslo. Prioriterte strategiske ambisjonar for Det humanistiske fakultet er utdanningskvalitet og gjennomføring samt auking i eksternt finansiert verksemd.

Stillinga vil både ha strategiske og operative oppgåver, og du må trivast i begge rollene. Stillinga rapporterer til fakultetsdirektøren. Seksjonssjefen deltar i fleire av leiarmøta på fakultetet.
Seksjonssjefen vil også delta i kommunikasjonsleiarnettverket for UiO.
Fakultetsadministrasjonen har seks seksjonar med til saman ca. 80 medarbeidarar. Fakultetet yter fellestenester til institutta innanfor verksemdområda IT, personal/HR, kommunikasjon og økonomi.

Kommunikasjonsseksjonen har i dag 11 medarbeidarar. Seksjonen jobbar mellom anna med nett, intern- og eksternkommunikasjon, sosiale media og rådgjeving.


Viktige arbeidsoppgåver i stillinga

Seksjonssjefen har personalansvar for kommunikasjonsseksjonen og skal leie og utvikle seksjonen.

Seksjonssjefen har/skal:

  • Strategisk fagansvar for kommunikasjonsfeltet, og ansvar for å følge opp fakultetet og UiO sine overordna strategiar og planar på kommunikasjonsområdet
  • Vidareutvikle kommunikasjonstenestene og samordne kommunikasjon på tvers av einingar, verksemdsområde og kanalar
  • Gi råd og legge til rette for kommunikasjonsstøtte til leiinga på fakultet og institutta
  • Måle og synliggjere effekten av kommunikasjonsverkemiddel

Det kan bli lagt også andre oppgåver til stillinga.


Kvalifikasjonskrav 

  • Solid kommunikasjonsfagleg kompetanse og erfaring. Det vil være en fordel med erfaring frå ein stor organisasjon.
  • Relevant leiarerfaring med personalleiing
  • Relevant utdanning frå universitet eller høgskule, minimum på bachelornivå. Realkompetanse med relevans for dei konkrete oppgåvene kan kompensere for utdanningskravet.
  • Erfaring knytta til rådgiving av leiing og strategisk kommunikasjon
  • Kunnskap om digitale plattformer, verktøy, måling og analyse
  • Erfaring med handtering av media
  • Det er ein fordel med erfaring frå kommunikasjonsarbeid i universitets- og høgskulesektoren
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Arbeidsspråket er norsk.


Personlege eigenskapar

Vi søker deg som liker å jobbe som lagspelar i ein kompleks kunnskapsorganisasjon med mange interessentar. Du har evne til å arbeide systematisk, er resultat- og løysingsorientert samt nytenkande. Du har god forståing for institusjonen sitt særmerke og evner å sette dette inn i ein kommunikasjonsfagleg samanheng.

Du er ein tydeleg og motiverande leiar og legg stor vekt på å følge opp og utvikle dine medarbeidarar og skape eit godt arbeidsmiljø. Vi vektlegg også eigenskapar som samarbeidsevne, serviceinnstilling og fleksibilitet.

Vi vil legge stor vekt på personlege eigenskapar som gjer søkarane skikka til stillinga.


Vi tilbyr

  • Lønn frå kr 723 200 til kr 906 000 per år, avhengig av ansiennitet og kompetanse for stilling som seksjonssjef, SKO 1211
  • Eit hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
  • Stilling i ei IA-verksemd, gode velferdsordningar og høve til trening i arbeidstida

Søknaden skal innehalde

  • Søknadsbrev
  • CV
  • Søknad (med ev. vedlegg) må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Aktuelle søkarar vil bli kalla inn til intervju.

Søk på stillinga

Andre opplysningar

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysingar om søkaren bli offentleggjorde sjølv om søkaren har bede om ikkje å bli oppført på søkarlista.

Vi viser òg til regelverk for teknisk-administrativt tilsette.

UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.
UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. 

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar derfor kvalifiserte søkarar med redusert funksjonsevne til å søke stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.


Om Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.

Det humanistiske fakultetet (HF) ved Universitetet i Oslo er det største humanioramiljøet i Noreg og eit av dei beste humanistiske fakulteta i Norden.
Fakultetet har om lag 6000 studentar og tilbyr 14 bachelorprogram, 22 masterprogram, 18 årseiningar og meir enn 70 fag innanfor områda språk, kultur, historie, medium, litteratur og idéfag. På Det humanistiske fakultetet jobbar i overkant av 700 tilsette på sju institutt, to senter og einfakultetsadministrasjon. HF er vertsfakultet for den tverrfakultære satsinga UiO:Norden, og har òg to senter for framifrå forsking (SFF).