Share

Kommunikasjonssjef

Miljøselskapet ÅRIM
ÅLESUND

Søknadsfrist:
31. des.

Stillingstype:
Fulltid

Kontakt:

Dagleg leiar
Øystein Solevåg
Tlf. 40234705

Vil du bli vår nye kollega?

ÅRIM er eit miljøselskap for sju kommunar i Ålesundregionen. Selskapet samlar inn avfallet til 106 000 innbyggjarar, har ni miljøstasjonar og tømmer 11 000 slamanlegg. ÅRIM er eit nysgjerrig og framoverlent selskap som arbeider for å gjenvinne meir avfall. Vi søker kommunikasjonssjef i samanheng med jobbskifte, og treng ein ny person med på laget. Kommunikasjonssjef i ÅRIM vil ha breitt strategisk og utførande ansvar.

Vil du vere med å setje konkrete miljøløysingar på dagsorden? Vil du bidra til å skape engasjement innan  ÅRIM sitt arbeid med berekraft og sirkulærøkonomi? Vi søker ein erfaren og engasjert kollega som kan vidareutvikle ÅRIMs sitt strategiske og operative kommunikasjonsarbeid.


Vi søker deg som blir motivert av å:

  • Leie kommunikasjonsarbeidet i ÅRIM.
  • Arbeide heilskapleg  med kommunikasjonsstrategi og omdøme.
  • Sikre fokus på brukarbehov og kundeforståing i tenestetilbod og informasjon.
  • Kommunisere med journalistar og kontaktar innan myndigheiter, politikk og samfunnsliv.
  • Ha ansvar for mediekontakt og vere ein av selskapet sine talspersonar.
  • Koordinere utviklinga av framtida sin kommunikasjon på ÅRIM sine digitale flater

Oppgåver:

  • Utvikle og etterleve kommunikasjonsstrategi. 
  • Intern og ekstern kommunikasjon.
  • Utvikle relevant og målgruppetilpassa informasjon frå A til Å.
  • Utarbeide pressemeldingar, kronikkar, foredrag, årsrapportar, trykksaker, skilt m.m.
  • Utvikle og styre prosjekt, deriblant større webutviklingsprosjekt.
  • Ha byråkontakt og bestille tenester. 
  • Budsjett for kommunikasjonsarbeid. 
  • Redaktøransvar.

Kvalifikasjonar:

  • Relevant kommunikasjonsfagleg utdanning.
  • Minimum 5 års erfaring frå kommunikasjonsarbeid. 
  • Kunnskap om og interesse for kommunikasjon på digitale flater.  
  • God kunnskap om aktuelle programvarer.
  • Erfaring med miljøspørsmål og politiske miljø er ein fordel.
  • Du skriv nynorsk og har ein god penn.

Litt om deg:

  • God forståing for kundebehov.
  • Motiverande i arbeidsform, med evne til å spreie engasjement og entusiasme. 
  • Menneskekunnskap og gode samhandlingsevner, evne til å framheve andre og gi konstruktiv feedback. 
  • Sosial, lyttande og kan byggje nettverk i forskjellige miljø, inkludert internt i organisasjonen. 
  • Sjølvgåande og oppsøker informasjon aktivt. 
  • Trygg og tolmodig.  Evne til å bevare roa når det stormar. 
  • Interesse for komplekse saksfelt, og kan setje deg inn i tekniske dokument så vel som politiske prosessar. 

Vi tilbyr spennande og varierte arbeidsoppgåver i ein kunnskapsrik organisasjon med dyktige og engasjerte kollegaer. Selskapet har eit stort kontaktnett, regionalt og nasjonalt.  Kommunikasjonssjefen inngår i organisasjonen si leiargruppe og rapporterer til dagleg leiar. Arbeidsstad er på Moa i Ålesund.

Har du spørsmål om stillinga kan du kontakte dagleg leiar Øystein Solevåg på telefon 40234705. Søknadsfrist 31. desember.

Send søknad til ops@arim.no.