Share

Kommunikasjonsrådgjevar

Helse Vest RHF
Stavanger

Søknadsfrist:
17. des.

Stillingstype:
Fulltid

Kontakt:

Bente Aae
Kommunikasjonsdirektør
Tlf. 415 33 807

Vi er 70 medarbeidarar i Helse Vest RHF. I dag har vi kontor på Forus, mellom Stavanger og Sandnes. I kommunikasjonsavdelinga er vi fem kollegaer som arbeider med ekstern og intern kommunikasjon, kommunikasjonsrådgiving og formidling med særleg vekt på områda beredskap, internkommunikasjon i føretaksgruppa vår, strategi og utvikling og innhald.

Brenn du for kommunikasjon og ønskjer å bruke kompetansen din til noko meiningsfullt og gjevande? Vi søkjer deg som ivrar for å skape og formidle innhald som engasjerer og når fram i ulike kanalar. Du er glad i å finne dei gode historiene, klarer å formidle komplekse samanhengar på ein enkel måte og blir motivert av å utvikle deg og det du jobbar med.

Du har også solid kompetanse på digital kommunikasjon og gjerne god erfaring med rådgjeving og anna kommunikasjonsarbeid. 

Hos oss får du eit særskilt ansvar for å planlegge, utvikle og drive produksjon av innhald til dei digitale kanalane våre. Du får også sjansen til å arbeide med nærast heile breidda av kommunikasjonsfaget – og oppgåver i spennet mellom strategi og tiltak, det nasjonale og lokale, og politiske mål og daglege sjukehustenester. 

Du får fridom til å setje avtrykket ditt på det du jobbar med og mogelegheit til å bli kjent med og samarbeide med dyktige og engasjerte menneske både i og utanfor organisasjonen.

Og du kjenner deg godt att i verdiane våre: Respekt, tryggheit og kvalitet.


Arbeidsoppgåver

  • Innhaldsredaktør: Planlegge, utvikle og drive innhaldsproduksjon til ulike kanalar (som i dag er helse-vest.no, intranett og sosiale medium). Innhaldsproduksjon dekker tekst, foto og film, i samarbeid med og hjelp frå avdelinga vår, kollegaer i sjukehusa og byrå vi har avtale med.
  • Rådgje leiarar og fagfolk i ulike prosjekt og saker
  • Mediearbeid
  •  Kommunikasjon i beredskap og krise
  • Koordinere og leie nettverk i helseregionen og vere vår representant i regionale og nasjonale samarbeid

Kvalifikasjonar

Du har:

  • høgare utdanning på masternivå. Særleg relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
  • gode samarbeidsevner, sans for lagarbeid og ser verdien av å dele kunnskap og kompetanse med andre
  • erfaring frå arbeid med digitale verktøy og innhaldsproduksjon 
  • erfaring med mediearbeid og beredskapskommunikasjon
  • god samfunnsforståing og kunnskap om offentlig forvaltning 

Personlege eigenskapar

  • Du tar initiativ, er sjølvgåande og trivst med ansvar
  • Du er strukturert, fleksibel og serviceinnstilt 

Vi tilbyr

  • utfordrande og varierte arbeidsoppgåver du kan vekse på
  • eit hyggeleg miljø i team med kunnskapsrike kollegaer
  • fleksibel arbeidstid
  • løn etter avtale
  • pensjons- og forsikringsvilkår i KLP
  • gode velferdsordningar som bedriftsidrettslag, hjem jobb hjem og tilrettelegging for sykling til arbeidplassen


Søk på stillingen via Webcruiter
 


Om arbeidsgiveren

Helse Vest RHF har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland og Vestland. Vi eig fem helseføretak; Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og Sjukehusapoteka Vest i tillegg til Helse Vest IKT AS. Føretaksgruppa har om lag 29 000 medarbeidarar, omfattar om lag femti sjukehus og institusjonar og yter helsetenester til nær 1,1 million innbyggjarar. Driftsbudsjettet er på om lag 30 milliardar kroner. Helse Vest RHF har kontor på Forus i Stavanger. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.
 

Foto: Helse Vest RHF