Share

Kommunikasjonsrådgjevarar

Forbrukertilsynet
Porsgrunn, Skien frem til 31.12.20

Søknadsfrist:
23. aug.

Stillingstype:
Fulltid

Kontakt:

Avdelingsdirektør
Jo Gjedrem

Epost: jg@forbrukertilsynet.no
Tlf. 932 31 640

Senior kommunikasjonsrådgjevar
Iver Kleiven

Epost: ik@forbrukertilsynet.no
Tlf. 993 42 800

Forbrukartilsynet søker ein til to kommunikasjonsrådgjevarar som kan vere med å synleggjere Forbrukartilsynets rolle som ein viktig og tydeleg samfunnsaktør, som sett grunnleggjande forbrukarrettar på dagsorden, og får gjennomslag for dei sakene vi tek opp. 

Frå 1. januar 2021 vil hovudkontoret til Forbrukartilsynet ligge i Porsgrunn. Stillinga vil frem til då ha arbeidssted i Skien på midlertidig kontor. Noko pendling til Oslo hausten 2020, for eksempel i forbindelse med opplæring, må reknast med.

Som kommunikasjonsrådgjevar bidrar du til Forbrukartilsynets eksterne og interne kommunikasjonsarbeid. Kommunikasjonseininga jobbar tett opp mot leiinga og fagavdelingane. Du vil mellom anna rådgje leiinga og andre tilsette i kommunikasjonsfaglege spørsmål og utvikling av bodskap, handtere presse og sosiale medium, produsere innhald til ulike kanalar samt planlegge arrangement. Kommunikasjonseininga har også ansvar for vidareutvikling av nettsida og medieanalyse, og du vil bidra til det strategiske kommunikasjonsarbeidet.

I forbindelse med omstillinga vil Forbrukartilsynet på sikt bygge opp ein større kommunikasjonsavdeling med mangfaldige oppgåver, og du vil få moglegheit til å være med på denne prosessen. Kommunikasjonsarbeidet er eit av tilsynets fremste verktøy for å nå ut til målgruppene våre og slik lukkast i å skape ein tryggare og enklare marknad for norske forbrukarar. Hos Forbrukartilsynet får du jobbe med spennande og varierte oppgåver i eit engasjerande arbeidsmiljø. Du vil få stor moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag.


Kvalifikasjonar og eigenskaper

Søkarar bør ha kommunikasjonsfagleg relevant utdanning frå høgskule eller universitet, og relevant arbeidserfaring frå kommunikasjonsfaget eller journalistikk. Du må ha god kjennskap til medias arbeidsmetodar og behov, og kunnskap om korleis ein mediesak blir til. Erfaring med nettpublisering og utvikling av nettsider er ønskeleg, og du må ha svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne i begge målføre. Erfaring frå fotoredigering, produksjon og redigering av video, og/eller erfaring med profesjonelt arbeid i sosiale og andre digitale medium vil også være en fordel.

Vi forventar at du har evne til å arbeide i team for å nå Forbrukartilsynets felles mål samstundes som du også må kunne jobbe sjølvstendig, effektivt og med god fagleg kvalitet. Du bør ha god forståing for utfordringane som følgjar med å kommunisere på vegne av eit offentleg tilsyn. Du bør ha interesse for forbrukarspørsmål, og vere samfunnsengasjert, kreativ og løysingsorientert. Vi vil vektleggje at du er personleg eigna til stillinga.  


Vi kan tilby

Stillinga blir lønna som rådgjevar, med eit lønnsspenn frå kr. 450 000 til kr. 510 000. For særleg kvalifiserte søkarar kan vi vurdere høgare lønn. Medlemskap i Statens pensjonskasse, med gode ordningar for pensjon, lån og forsikring. Til dette vert det trekt 2% av bruttolønn til lovfesta innskot. Vi har fleksibel arbeidstid og god kantineordning.


Slik søker du

Forbrukartilsynet ønskjer å spegle heile samfunnet og ha bredde og mangfald i arbeidsmiljøet. Vi oppmodar derfor kvalifiserte kandidatar til å søke hos oss uavhengig av alder, kjønn, etnisitet og nedsett funksjonsevne, samt fravær frå arbeid, utdanning eller opplæring. Opplysningar om dette kan bli brukt til registreringsføremål.

Opplysningar om søkarane vil bli gjort offentlege. Sjå Offentleglova §25, andre ledd, når det gjeld moglegheit for å bli unntatt frå søkjarlista.

Har du spørsmål om stillinga, kontakt avdelingsdirektør Jo Gjedrem (jg@forbrukertilsynet.no), tlf. 932 31 640), eller senior kommunikasjonsrådgjevar Iver Kleiven (ik@forbrukertilsynet.no), tlf. 993 42 800).

Send søknad med CV, vitnemål og attestar elektronisk  på jobbnorge.no. Alle attestar og vitnemål skal skannast og leggjast ved elektronisk.

Søk på stillingen via Jobbnorge


Om oss

Forbrukartilsynet er eit offentlig tilsyn som jobbar for enklare og tryggare marknader for forbrukarane. Forbrukartilsynet jobbar med å førebygge og stoppe ulovleg marknadsføring, urimelege vilkår i kontraktar og andre former for ulovleg handelspraksis retta mot forbrukarar.

Forbrukartilsynet skal i 2020 gjennom ei større omstilling, og frå 2021 skal vi ta imot og behandle forbrukarklager og mekle mellom forbrukarar og næringsdrivande. Les meir om oss på www.forbrukertilsynet.no. Du kan lese meir om omstillinga på regjeringen.no