Share

Vil du skape ein enklare digital kvardag med kommunikasjon som verktøy?

Digitaliseringsdirektoratet
Brønnøysund, Leikanger eller Oslo

Søknadsfrist:
16. des.

Stillingstype:
Fulltid

Kontakt:

Kommunikasjonsdirektør
Onar Aanestad

onar.aanestad@digdir.no
Tlf.: 924 26 631

Kommunikasjonsrådgjevar

Vi er på jakt etter ein påliteleg, inkluderande og uredd kommunikatør som vil skape ein enklare digital kvardag for folk og samfunn – med kommunikasjon som viktigaste verktøy.

Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) kan tilby ein av dei mest spanande arbeidsplassane i offentleg sektor framover – med ei rekke satsingar som skal sette retning og fart på digitaliseringa. No kan du få sjansen til å vere med på reisa og bruke kommunikasjonsfaget til å gjere ein forskjell saman med dyktige kollegaer og samarbeidspartnarar.

Vil du vere med på laget? Då vil vi høyre frå deg!

Stillinga er fast. Arbeidssted er Brønnøysund, Leikanger eller Oslo. For den rette kandidaten kan andre alternativ vere moglege. 
Vi vurderer kandidatane etter kvart som søknadane kjem inn, så vi oppfordrar deg til å søkje så raskt som mogleg.


Arbeidsoppgåver

Dine viktigaste arbeidsoppgåver er å

  • utvikle og realisere kommunikasjonsstrategiar og -planar for ulike fagområde og satsingar
  • forstå, framstille og kommunisere komplekse fagområde og samanhengar på ein effektiv og pedagogisk måte
  • vidareutvikle kommunikasjonsfaget og satsingane våre på nett, video, blogg og sosiale medium
  • bidra til heilskapleg kommunikasjon for Digdir
  • støtte avdelingane når det trengst, til dømes med mediehandtering, kriseberedskap og andre kommunikasjonsoppgåver internt og eksternt

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • ha minst tre år med relevant erfaring som kommunikasjonsrådgivar
  • ha interesse for og erfaring med digitalisering
  • bruke klart språk og kunne kommunisere pedagogisk og utvikle knakande gode bodskap, både tekstleg og visuelt

Vi ønskjer at du:

  • har konkret erfaring med å utvikle og realisere kommunikasjonsstrategiar
  • har høg kommunikasjonsfagleg kompetanse og brei erfaring som kommunikasjonsrådgivar
  • kan vise døme på korleis du har kommunisert komplekse samanhengar pedagogisk, både tekstleg og visuelt
  • forstår og har interesse for digitalisering, deling av data og samanhengande tenester
  • har eigne tankar om korleis kommunikasjon kan hjelpe Digdir å nå måla i digitaliseringsstrategien til regjeringa og KS
  • har relevant høgare utdanning. Relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning

Personlege eigenskapar

Du må:

  • vere ein sjølvgåande, strukturert og drivande person som får ting til å skje
  • vere ein relasjonsbyggar som får energi av å skape resultat saman med andre
  • leve opp til våre verdiar påliteleg, inkluderande og uredd

Vi ønskjer at du:

  • har gode strategiske refleksar, god rolleforståing og god vurderingsevne
  • finn løysingar når det dukkar opp utfordringar, også når rammevilkåra ikkje er optimale
  • har glimt i auget og vil andre vel

Inkluderande arbeidsliv og mangfald

Vi har tru på at mangfald er ein viktig byggestein i eit godt, spennande og utviklande arbeidsmiljø, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Rett kompetanse på rett stad er vår viktigaste prioritering når vi rekrutterer, og vi vil legge til rette for at personar med nedsett funksjonsevne også kan jobbe hos oss. Vi jobbar med å realisere regjeringas mål om at fem prosent av alle nytilsettingar skal vere personar med funksjonsnedsetting og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Dersom du oppgir opplysningar om funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CVen i søknaden, kan dette bli brukt anonymisert til statistikkformål.


Vi tilbyr deg

  • ei utfordrande stilling i ei framoverlent verksemd med spanande utviklingsmoglegheiter og dyktige og ambisiøse kollegaer
  • fast stilling som rådgivar eller seniorrådgivar i lønnsspennet kr 525 000 til kr 750 000. For spesielt kvalifiserte søkarar kan vi vurdere høgare løn
  • ein familievennleg og fleksibel arbeidsplass med moglegheit for trening i arbeidstida
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, ei av dei beste pensjonsordningane i landet, med gode forsikringar og moglegheit for gunstig bustadslån

Vil du vite meir?

Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kontakt gjerne

Kommunikasjonsdirektør Onar Aanestad
E-post: onar.aanestad@digdir.no
Telefon: 924 26 631

Vitnemål og attestar må følge søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søker stillinga. Har du teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetting av papir og vitnemål, og godkjenning frå NOKUT.

Søkarlister kan bli offentleggjort iht. offentleglova § 25. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette begrunnast. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkerlista. Du vil i så fall bli varsla.
 

Søk på stillingen via Jobbnorge


Om Digitaliseringsdirektoratet

Digitaliseringsdirektoratet er underlagt Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Direktoratet har om lag 330 tilsette fordelt på våre kontor i Brønnøysund, Leikanger og Oslo. Vi har fire fagavdelingar, to stabs- og støtteavdelinger og eit tilsyn for universell utforming av ikt som har ei særskilt uavhengig rolle. Våre verdiar er påliteleg, inkluderande og uredd. 

Direktoratet er regjeringas verktøy for ei raskere og meir samordna digitalisering av offentleg sektor. Direktoratet skal bidra til enklare og meir tilgjengelege offentlege tenester for innbyggjarane, og auka verdiskaping for næringslivet.

Vår visjon er saman for ein enklere digital kvardag.