Banner

Frokostmøte: Internkommunikasjon i SR-Bank

Torsdag 20. feb. 2020 kl. 08:00 - 09:30
Finansparken, Christen Tranes gate 35, 4007 Stavanger
Pris: Gratis (medlem) , 450 (ikke-medlem)

TV-sendingar som internkommunikasjon? Er ikkje det ein utopisk draum som legg til grunn at du har eit par tusen tilsette, ei handfull kommunikasjonsfolk som kan sette av raust med tid og eit kommunikasjonsbudsjett større enn det dei fleste av oss nokon gong vil oppleve? Eller….?

På dette frokostmøtet inviterer Sparebank 1 SR-Bank oss inn i den splitter nye Finansparken, og deler sine erfaringar etter eit ti-år med SRtv. Ruth Siri Espedal Lycke og Øyvind Knoph Askeland fortel om korleis dei jobbar og kva prioriteringar som ligg i botn når TV-sendingar har blitt ein fast kanal banken bruker i sin internkommunikasjon for å informere, engasjere og motivere tilsette.

Kan hende går du ikkje frå frokostmøtet med ein plan om å lage TV, men vi trur du tar med deg inspirasjon til internkommunikasjon i eiga bedrift, om du jobbar åleine, i eit lite team eller er del av ein større stab. Det blir også høve til å vere med på ei omvising i bygget etter at møtet er ferdig.

Frokost og mingling fra kl. 08.00; program fra kl. 08:30.

Kan du unngå å køyre bil denne dagen, gjer gjerne det. Buss nr. 8 stoppar like utanfor.

Velkommen!

Pris medlemmer
Gratis
Pris Ikke-Medlemmer
450