Lag video med mobilen

Onsdag 26. sep. 2018 kl. 09:00 - 15:00
Quality Hotel Waterfront, Ålesund
Pris: 3500 (medlem), 5500 (ikke-medlem)

Å lage gode videoar tek ofte tid og krev planlegging, noko ein ofte ikkje har tid eller ressursar til i arbeidskvardagen. Instagram, Facebook, YouTube, Vimeo, LinkedIN kan alle publisere videoar, men du bør ikkje publisere same innhaldet på alle stadane. Plattformane er tilpassa ulike former for innhald, noko som for mange kan vere ei utfordring.  

I dette kurset skal du få innføring i kva verktøy du allereie har i lomma for å lage enkle videoar til kundar og kollegaer. Sosiale medium er ei scene for bedrifta di, og derfor er det viktig å tenke gjennom kva ein presenterer for publikummet sitt.

 

Det du skal lære:

  • Innføring i praktisk bruk av mobilkamera
  • Bruk av ulike applikasjonar
  • Kva innhald som passar å filme med mobil
  • Kva kan ein filme sjølv og når bør ein vurdere å leige inn profesjonelle
  • Korleis fungerer filmproduksjon (kort forklart)

Vi går gjennom kva moglegheiter telefonen gir deg og korleis ein bør gjennomføre filminga for dei ulike kanalane. Kursdeltakarane kan fortelje om eigne utfordringar og mål dei har tenkt å nå med mobilen som verktøy. Det blir også ei innføring i kva effekt video har på folk og ein kort gjennomgang av filmteori som har vist seg å fungere i praksis. 

Etter dette må ein ut å produsere. Dette er den einaste måten ein kan verte flink på. Skal du lære å svømme må du ut i vatnet, skal du bli kokk må du smake på maten.

 

Det du treng:

Ein mobiltelefon (kurshalderen brukar iPhone 8 i presentasjonen sin).


Kurshaldar:

Atle Vasbotn Remmereit arbeider fulltid i produksjonsselskapet Oclin AS. Der arbeider han med kundar som Høgskulen i Volda, Ulstein Group, Tussa, Ulvang, Racer, Medi 3, Elle mElle, Ekstremsportveko på Voss, Hurtigruten, NRK, Det Norske Teatret og fleire. Oclin er i tillegg partner i Nordic Location der dei har hatt oppdrag for blant anna Lufthansa, Volkswagen og CNN. Han har studert medieproduksjon på Høgskulen i Volda og arbeidd profesjonelt med film dei siste 8 åra. 

Pris medlemmer
3500
Pris Ikke-Medlemmer
5500
21.11.2018
Kommunikasjonsforeningens lokaler, Brugata 19, Oslo
21.11.2018
Clarion Hotel The Edge, Kaigata 6, Tromsø