Stillingsbeskrivelse

Kompetanse Noreg

Kommunikasjonsrådgjevar

Vil du jobbe for auka deltaking i arbeids- og samfunnsliv?

Kompetanse Noreg, direktoratet for kompetansepolitikk jobbar for å heve vaksnes kompetanse slik at færre fell utanfor. Gode ordningar for læring gjennom heile livet er eit vilkår for eit inkluderande arbeids- og samfunnsliv. Vi er underlagt Kunnskapsdepartementet, og har hovudkontor i Oslo, og regionkontor i Bergen og Tromsø.

Kommunikasjonsrådgjevar

Kommunikasjonsavdelinga søkjer ein dyktig medarbeidar til fast stilling med tiltreding snarast. Er du god til å visualisere og forenkle komplekse saker, skriv gode kronikkar og veit kva som skal til for å få journalistar interesserte i forslaga dine til saker? Vår jobb er å tydeleggjere og synleggjere kva kompetansepolitikk er, og kva som er effektane av det som skjer på feltet vårt. Vår nye kommunikasjonsrådgjevar skal styrkje evna vår til å skape endringar.

Avdelinga har åtte medarbeidarar. På kompetansenoreg.no kan du lese meir om kva vi jobbar med.

Vi legg vekt på mangfald, og oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi er ei IA-verksemd.

Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan bli offentleggjorde jamvel om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, jf. offentlegheitslova § 25. Søkjarane vil i tilfelle bli informerte om dette på førehand.

Arbeidsoppgaver:

  • mediekontakt og -innsal
  • kommunikasjons- og medierådgjeving til leiinga og fagseksjonane
  • vidareutvikle og profesjonalisere Kompetanse Noreg sin bruk av sosiale medier
  • innhaldsproduksjon, redigering og publisering i eksterne og interne kanalar i tett samarbeid med fagavdelingane
  • andre oppgåver etter avdelinga sitt behov

Kvalifikasjonar:

Det blir kravt:

  • minimum tre års utdanning frå universitet/høgskule. Realkompetanse kan kompensere for kravet om formell utdanning
  • minst fem års erfaring som kommunikasjonsrådgievar/journalist.
  • god forståing for kommunikasjon som verkemiddel
  • solid kompetanse og erfaring med publisering og innhaldsproduksjon.
  • svært god formuleringsevne i bokmål og nynorsk, skriftleg og munnleg.
  • dokumenterte resultat i tidlegare arbeid

Det er ein fordel med:

  • kjennskap til offentleg forvaltning og Kompetanse Noreg sine arbeidsområde
  • produksjon, redigering og handtering av foto og video

Vi ønskjer at du:

  • er oppteken av at kommunikasjonsarbeid skal gi effekt
  • har gode samarbeidsevner og kan setje deg raskt inn i nye problemstillingar i ein travel kvardag
  • handterer det uventa og leverer godt også under tidspress
  • har evne til å arbeide analytisk, sjølvstendig og strukturert
  • har engasjement, stå på-vilje og godt humør

Vi vil leggje vekt på at du er personlig eigna for stillinga.

Vi tilbyr:

  • handlingsrom til å påverke din eigen arbeidskvardag
  • supre kollegaer som jobbar med eit breitt spekter av kommunikasjonsoppgåver.
  • lønnsplassering etter kompetanse
  • Seniorrådgjevar med årslønn frå 517 700 kroner til 623 900 kroner. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn diskuterast.
  • fleksibel arbeidstid
  • godt tilrettelagde lokale i Oslo sentrum
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, som gir gunstig pensjonsordning og høve til bustadlån, til dette vert det trekt 2% av løna til lovfesta innskot

Kontaktperson: Fungerende kommunikasjonssjef Espen Brynsrud på e-post espen.brynsrud@kompetansenorge.no eller på telefon:906 06 406.

Søknaden sendes elektronisk innan søknadsfristen 19. februar 2018.

+ Del

Se flere ledige stillinger