Stillingsbeskrivelse

DFO_logo_intranett

Kommunikasjonsrådgivar

Ein dyktig kollega sluttar, og vi leiter etter ein erstattar for henne. Vi ser etter deg som har god samfunnsforståing og er interessert i økonomi- og verksemdsstyring i staten. Kommunikasjonseininga i Direktoratet for økonomistyring (DFØ) har ansvar for intern- og eksternkommunikasjon og for marknadskommunikasjon og kompetanseformidling. Kundane våre er direktorat, departement og andre statlege verksemder. Vi har ei ledig fast stilling som rådgivar/seniorrådgivar og søkjer deg som ønskjer å bidra til effektiv ressursbruk i staten, og som trivst med mykje ansvar.

Arbeidsoppgåver

  • Vere ein god rådgivar og fagleg støttespelar for leiarar og kollegaer
  • Produsere innhald i ulike sjangrar til ulike kanalar (tekst, foto og film)
  • Lage og følgje opp kommunikasjonsplanar og planar for opplæringstiltak
  • Forvalte språkprofilen til DFØ og leie klarspråksarbeidet i DFØ
  • Gjennomføre undersøkingar som gir brukarinnsikt
  • Evaluere effekten av kommunikasjons- og opplæringstiltak

Andre arbeidsoppgåver kan òg bli lagde til stillinga. Vi fordeler oppgåver i kommunikasjonseininga etter kompetanse og kapasitet. Den vi tilset, må vere fleksibel og open for at ansvars- og arbeidsområda endrar seg etter behov.

Krav til utdanning, erfaring og ferdigheiter

  • Fire års relevant høgare utdanning med fagleg fordjuping i kommunikasjon/informasjon. Det er ein fordel med mastergrad innanfor kommunikasjon eller informasjonsfag. Lang relevant erfaring kan vege opp for manglande utdanning.
  • Minst tre års erfaring med strategisk og operativt kommunikasjonsarbeid
  • Svært god skriftleg og munnleg formuleringsevne
  • Svært god digital kompetanse

Det er ein fordel om du òg har

  • erfaring med klarspråksarbeid
  • erfaring med å samle og systematisere brukarinnsikt (til dømes tenestedesign)
  • erfaring med pedagogiske verkemiddel, opplæringstiltak eller e-læring
  • erfaring frå offentleg forvalting

Personlege eigenskapar som vi ser etter

Du set deg raskt inn i nye oppgåver og klarer å sjå heilskapen der andre kanskje ser saka frå ein fagleg eller teknisk ståstad. Du har respekt for fagfeltet til andre og er samtidig trygg på at dei kommunikasjonsfaglege råda dine er gode. Du har ei grunnleggjande positiv haldning, er nysgjerrig og har svært gode samarbeidsevner. Du jobbar strukturert og er god til å prioritere og til å disponere tida. Vi legg stor vekt på om du er personleg eigna for stillinga.

Dette får du som kommunikasjonsrådgivar hos oss

Du blir ein del av eit hyggjeleg team med høg kompetanse og stort engasjement – både for kommunikasjonsfaget og samfunnsoppdraget. Hos oss får du viktige oppgåver, mykje ansvar og faglege utfordringar. Du får gode høve til å utvikle kompetansen din, og du får handlingsrom til å påverke arbeidskvardagen din.

Arbeidsvilkår

Stillinga vil bli plassert som rådgivar/seniorrådgivar med lønn mellom 436 900 og 590 000 kroner per år, avhengig av utdanning og erfaring. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast. Frå lønna blir det trekt 2 prosent til Statens pensjonskasse. Ved tilsetjing er det seks månaders prøvetid.

Vi har fleksitidsordning med sommar-/vintertid, betalt overtid og god pensjonsordning. Vi held til i flotte lokale i Paleet på Karl Johans gate i Oslo sentrum, med kantine og treningsrom.

DFØ legg vekt på mangfald, og vi oppfordrar alle som er kvalifiserte, til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonalitet eller etnisk bakgrunn. DFØ er ei IA-verksemd. Det betyr mellom anna at vi legg forholda til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Du finn meir informasjon om DFØ på heimesida vår, www.dfo.no.

Dersom du har spørsmål om stillinga, kan du kontakte kommunikasjonsdirektør Ruth Høyland Jønsrud på telefon 951 83 108 eller e-post rhj@dfo.no.

Søknaden sendast elektronisk innan søknadsfristen 15. august 2017.

+ Del

Se flere ledige stillinger