Stillingsbeskrivelse

Fiskeridirektoratet_Amedialogo300x200

Fiskeridirektoratet skal fremje lønsam og verdiskapande næringsaktivitet. Dette skal skje gjennom berekraftig og brukarretta forvaltning av marine ressursar og marint miljø.

Fiskeridirektoratet arbeider nært med forskningsinstitusjonar, næring og offfentlege styremakter nasjonalt og internasjonalt.

Fiskeridirektoratet har i dag om lag 450 tilsette, der i overkant av halvparten er tilsett i etaten sine fem regionar. Den resterande delen er ved hovudkontoret i Bergen.

Les meir om Fiskeridirektoratet her

Kommunikasjonsrådgivar til Fiskeridirektoratet

Båt

Fiskeridirektoratet har ledig fast stilling som kommunikasjonsrådgivar. Vi er på jakt etter ein kreativ og sjølvgåande person som skal ha havbrukssaker som hovedarbeidsfelt. Det tyder at stillinga vil bli knytt tett opp mot Kyst- og havbruksavdelinga i Fiskeridirektoratet og du skal saman med dei tilsette på avdelinga jobbe med kommunikasjonsutfordringar for havbrukssektoren.

Vi treng ein person som likar og har evne til å gjere om komplisert fagkunnskap til forståelege bodskap og tekstar retta mot næringa og allmenta.

Du skal jobbe med dei fleste typar kanalar og bidra til at direktoratet tar i bruk nye. Du skal difor kunne formulere bodskap på ulike måtar slik at dei passar til både tradisjonelle skriftlege media, på nett, i sosiale media og i animasjonar og på video.

I tillegg skal du bidra i anna arbeid i kommunikasjonsstaben og blir ein del av laget som jobbar for at direktoratet stadig skal bli betre i sitt informasjons- og kommunikasjonsarbeid eksternt og internt.

Formelle kvalifikasjoner:

Du bør ha høgare utdanning, gjerne med studieretningar knytt til kommunikasjon. Kjennskap til havbrukssektoren og offentleg forvaltning kan vere ein fordel. Relevant praksis kan vege opp for kravet om høgare utdanning.

Personlige egenskaper:

Du har nye idéar som bidrar til utvikling av Fiskeridirektoratet, men har også evne til å fullføre og setje gode idéar ut i livet.

Du er god til å lytte, men torer å gi uttrykk for dine kvalifiserte meiningar. Du likar å arbeide saman med andre og å skape fruktbare relasjonar, og klarer samtidig å ta avgjerder som driv arbeidet framover.

I Fiskeridirektoratet har vi fleksibel arbeidstid og gode ordningar. Arbeidsstad er Bergen og noko reiseverksemd fylgjer med jobben. Stillinga vert løna mellom kroner 470.000 - 588.100,-.

Arbeidsstokken i staten skal så langt det er råd spegle mangfaldet i folkesetnaden. Balanse med omsyn til alder og kjønn samt reruttering av personar med innvandrarbakgrunn er difor eit personalpolitisk mål. Fiskeridirektoratet har og inngått avtale om eit meir inkluderande arbeidsliv.

Spørsmål om stillinga kan du rette til kommunikasjonsdirektør Olav Lekve på telefon 958 33 470 eller seniorrådgivar Anette Aase i Kommunikasjonsstaben på telefon 414 21 822.

Søknaden sendes elektronisk innan søknadsfristen 19. februar 2017.

+ Del

Se flere ledige stillinger