Stillingsbeskrivelse

Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsdepartementet har det overordna ansvaret for at befolkninga får gode og likeverdige helse- og omsorgstenester, uavhengig av bustad og økonomi. Departementet har ansvar innanfor folkehelse, primærhelseteneste, spesialisthelseteneste, pleie- og omsorgstenester, tannhelse, psykisk helse, rus, habilitering og rehabilitering, pasientrettar, legemiddel, bioteknologi og helsemessig beredskap. Helse- og omsorgsdepartementet har ansvar for fire regionale helseføretak (RHF) samt fleire underliggande etatar. Les meir om oss på regjeringen.no.

Kommunikasjonsdirektør med solid samfunnsforståing

Helsepolitikk gjeld alle. Som kommunikasjonsdirektør vil du få spennande og utfordrande oppgåver ved å leie og koordinere kommunikasjonsarbeidet på eit breitt felt der engasjementet er stort og debattane mange. Kommunikasjonsdirektøren deltar både strategisk og operativt i kommunikasjonsarbeidet ved departementet. Det inneber rådgiving til politisk leiing, departementsråd og fagavdelingar. Ansvaret omfattar òg strategisk kommunikasjon overfor helse- og omsorgssektoren og underliggande etatar. Kommunikasjonsdirektøren er ansvarleg for innhaldet på og utviklinga av departementet sine nettsider samt bruk av sosiale medium.

Kommunikasjonsdirektøren deltar i toppleiinga ved departementet og rapporterer til departementsråd Bjørn-Inge Larsen. Du vil leie ei avdeling som består av ti medarbeidarar.

Vi søkjer ein samfunnsengasjert leiar

Vi ser etter ein kommunikasjonsdirektør som kan dokumentere solide analytiske og strategiske ferdigheiter. Det er òg heilt avgjerande at du har solid medieforståing og kan gjennomføre raske analysar i ein omskifteleg mediekvardag. Den nye leiaren vår er dessutan ein dyktig relasjonsbyggar som klarer å skape tillit hos samarbeidspartnarar. Kommunikasjonsdirektøren jobbar tett med den politiske leiinga ved departementet. Vi søkjer derfor ein samfunnsengasjert leiar med god rolleforståing og innsikt i politiske prosessar og offentleg forvaltning.

Ved val av ny kommunikasjonsdirektør blir det lagt vekt på at

  • du har leiarerfaring med gode resultat
  • du har brei kommunikasjonsfagleg erfaring
  • du har god forståing for politiske prosessar og innsikt i offentleg forvaltning
  • du har innsikt i korleis tradisjonelle medium og sosiale medium påverkar arbeidet i eit departement
  • du har høgare utdanning frå universitet/høgskule, gjerne innan kommunikasjon eller medium (solid realkompetanse kan vege opp for manglande formell utdanning)

Den som blir tilsett, må kunne tryggleiksklarerast.

Vi tilbyr

  • lønn etter avtale innanfor det statlege lønnsregulativet
  • eit spennande arbeidsområde med gode utviklingsmoglegheiter
  • eit godt arbeidsmiljø med kompetente, engasjerte og hyggelege kollegaer
  • fem vekers ferie, fleksitidsordning og gode velferdsordningar

Dersom du har spørsmål, kan du kontakte rekrutteringsrådgivar Gro Møllerstad, Hodejegerne AS, på tlf. 915 59 752. Alle samtalar og meldingar blir handsama konfidensielt.

Gå til www.hodejegerne.no for å legge inn søknad innan 2. april 2017.

+ Del

Se flere ledige stillinger