Stillingsbeskrivelse

logo_politiet

Avdelingsdirektør - Leiar av stab for kommunikasjon

Vest politidistrikt blei oppretta 1.1.2016. Politidistriktet si leiargruppe er under etablering og vi har ledig stilling som avdelingsdirektør sko 1060, som leiar av stab for kommunikasjon.

Som leiar av staben har du overordna ansvar for intern-, ekstern- og krisekommunikasjon i politidistriktet.

Vi søkjer deg som blir motivert av høve til å vidareutvikle norsk politi til eit kompetent og effektivt nærpoliti. Arbeidet skal utførast i tråd med samfunnsutviklinga, med bruk av moderne verktøy og arbeidsmetodar. Som leiar i politiet skal du oppnå resultat på alle områder, i dagleg drift og ved kriser. Vi ser etter deg som set retning, skapar oppslutning om mål og gjennomfører nødvendige endringar.

Politiet er ein åpen og inkluderande etat. Vi skal spegle utviklinga i samfunnet og ønskjer mangfald blant våre leiare. Vi har ei målsetjing om kjønnsbalanse i leiarstillingar og oppmodar kvinner til å søkje.

Det er krav til plettfri vandel, og politiattest (uttømmande og utvida) innhentast ved ev. tilsetjing, jf. politilova § 18 og politiregisterlova § 41. Søkjar må kunne klarerast for aktuelt nivå jamfør tryggingslova.

Vi ber om søknad via lenka.

Arbeidsoppgåver:

  • Leie, koordinere og ivareta kommunikasjonsarbeidet i politidistriktet
  • Sikre god samhandling, kunnskapsdeling og samhøyr
  • Bidra til at politidistriktet når sine mål og visjoner gjennom bruk av kommunikasjon som eit pedagogisk og strategisk virkemiddel
  • Utvikling av eit godt medarbeidarskap og ynskja kultur, og god trivsel blandt medarbeidarane i politidistriktet
  • Legge til rette for kunnskapsbasert erfaringslæring og sørge for systematiske forbetringar innan fagområdet
  • Ivareta og etterleve gode HMS-rutinar i politidistriktet

Kvalifikasjonar:

  • Mastergrad innan kommunikasjonsrelevante fag, eller anna relevant utdanning. Lang og relevant erfaring kan være eit alternativ til manglande mastergrad
  • Minimum 3 års relevant leiarerfaring
  • Brei kompetanse og erfaring innan strategi og kommunikasjon
  • God resultatoppnåing i tidlegare stillingar
  • Kunnskap og erfaring innan HMS
  • Relevant leiarutdanning blir vektlagt
  • Kunnskap til politiet sine oppgåver og utfordringar blir vektlagt
  • Ertfaring frå krisehandtering er ein fordel
  • Erfaring frå å leie endrings- og utviklingsprosesser er ein fordel

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å jobbe under høgt arbeidspress
  • Resultatorientert og god gjennomføringsevne
  • Godt heilskapeleg blikk og evne til strategisk og langsiktig arbeid
  • God evne til kommunikasjon og relasjonsbygging
  • Samfunnsorientert, med evne til å forstå stabens rolle i politiet sitt samfunnsoppdrag
  • Medarbeidarorientert, med evne til å motivere og utvikle leiarar og medarbeidarar

Vi tilbyr:

  • Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme framtidas politi
  • Ei utfordrande og synleg rolle med brei kontaktflate
  • Stillinga blir lønna som avdelingsdirektør (SKO 1060), frå kr 830100,- til 907900,- brutto pr. år
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar (se www.spk.no for meir informasjon)

Kontaktinformasjon:

  • Kaare Songstad
    Politimeister
    55 55 63 00

Søknaden sendes elektronisk innan søknadsfristen 1. mars 2017.

Vest politidistrikt dekker 55 kommunar, med til saman 578 000 innbyggjarar, og har om lag 1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar.

+ Del

Se flere ledige stillinger