Kommunikasjon.no

Interne meldingar ut til folket

Publisert 29 September 2008

Interne meldingar ut til folket

Pressemeldingar kan bli vraka av media på grunn av uklar framstilling og dårleg språk. Profesjonelle aktørar sender likevel frå seg uferdige pressemeldingar.

Tekst: Jon Peder Vestad

Eg har fått seksten tilfeldig valde pressemeldingar frå ulike typar avsendarar. Det er språket eg har konsentrert meg om, og her var det velmykje rusk.

Mykje intern sjargong og fagspråk
Alle yrke har fagterminologi og sjargong, og det kan vere vanskeleg å vete kva som verkar internt for andre. Pressemeldingar blir lesne av journalistar,som jo bør ha eit utvikla ordforråd, men heller ikkje dei kan alt. SAS Braathens går i baret. I ei pressemelding om trafikken i juli, heiter det: «Gjennomsnittlig kabinfaktor for måneden ble 80,6 prosent. Det var 4,8 prosentpoeng høyere enn i fjor. Uttrykt i betalte passasjerkilometer (RPK) var trafikkøkningen på 15,1 prosent. Den tilbudte kapasiteten var 8,1 prosent høyere ennåret før». Uff, så innfløkt! Ordet kabinfaktor går att utan forklaring, og ordlyden «medregnet charter» fortel at den som skriv dette, har sjargongen inne. Få andre har det. «Intensjonsavtale om kraft til alu-verk i Russland» er ein tittel utforma av nokon i Hydro. Men vi som ikkje er i denne bransjen, seier aluminiumsverk. If Skadeforsikring har auka det tekniske resultatet. Totalkostnadsprosentener betra også, og dette omgrepet blir forklart med det engelske faguttrykket combined ratioi parentes. KLP er ikkje stort betre. KLP har eit verdijustert resultat som gjev ei verdijustert avkastning, kapitaldekningen er auka blant anna på grunn av «opptak av nytt ansvarlig lån». Utviklinga viser kor viktig det er med «god soliditet og solid bufferkapital for å møte markedsmessigesvingninger». Det må vere økonomar som er målgruppa her, ikkje journalistar eller kundar.

For mange elementære feil
Feil i teiknsetjinga eller rettskrivinga gjev eit dårleg inntrykk. Men eigentleg er det slik at til mindre viktige feila er for innhaldet, til viktigare er dei for mange lesarar! KS skriv eksempelvis om Helse- og omsorgsdepartementet og om helse og sosialtjenesten. Dette er nok ikkje tastefeil,slik tilfellet er når Arbeids- og velferdsetatenskriv om velferdsforvaltningen. Kanskje gjeld det same skrivemåten bedriftsiden (bedriftssiden)som KLP skriv om. Utdanningsdirektoratet melder om «et nytt Manifest mot mobbing». Det heiter nok Manifest mot mobbing, men her skal det vere liten m i manifest. Talordet eitt (ett) har Specsavers Optikk og ein anonym versting (berre vent!) problem med.Specsavers fortel også at ein kar er Norgesansvarlig. Nei, han er Norges-ansvarlig eller norgesansvarlig. Finansforbundet bruker forkortinga FA utan forklaring, det står for Finansnæringens Arbeidsgiverforening. I same teksten står det %-teikn og ikkje prosent, og datoar er skrivne som «12.6.», ikkje 12. juni. NVE har også glømt mellomrommet mellom dato og månad. KS skriv «1 mrd. kr.» - men vi bruker ikkje forkortingar i løpande tekst, og kr skal vere utan punktum. Det finst ein del kommafeil, men jippi, eg såg berre eitt tilfelle av særskriving! Hydro skreiv om «aluminium smelteverk». På verknad frå engelsk blir rekna som ein grunn til dette. Elles fann eg berre eitt døme på engelskpåverka språkbruk,«over de siste fire årene». Norske Skog burde ha stroke over.

Luftig språkbruk og tungt språk
Barne- og likestillingsdepartementet ønskjer at ungdom skal få «reell innflytelse». Vel, anten har ein innflytelse eller ikkje. Det blir fortalt om ei ny handbok for ungdomsråd med «tips, eksempler og fremgangsmåter som skal gjøre arbeidet morsommere, mer spennende og gi ungdom innflytelse». Her saknar eg eksempel. Og når eg les at tre av fire kommunar har ungdomsråd eller liknande «innflytelsesorgan», så er ungdom neppe målgruppa. Norske Skog fortel at konsernsjefen «legger vekt på å ha en god prosess med tillitsvalgte». Her passar dialog betre, enda det er mykje brukt. Ordet nedbemanning i same skriv er eit typisk forskjønnande uttrykk. Det blir færre stillingar, og nokon mistar truleg arbeidet. Fleire av presseskriva kunne ha vore meir konkrete, poengterte og korta ned. «Dersom partene kommer til enighet om å realisere samarbeidsprosjektet ---», skriv Hydro. «Dersom partene blir enige om å samarbeide» seier det same. «Det er tydelig at det er høy aktivitet i både forretnings- og privatreisemarkedet i Norge», melder SAS Braathens. Mange reiser, altså. Eit problem mange har, er at dei er «sakblinde », og bruker uttrykk som om alle forstår dei. Det finn vi døme på hos KS. Sentralstyret til KS har synspunkt på Nasjonal helseplan, og meiner at den «ressursmessige satsingen mellom primær- og sekundærhelsetjenesten» bør bli meir balansert. Her saknar eg ei kjapp forklaring på skiljet mellom primær- og sekundærhelsetenestene. Ikkje veit eg heller om ei ressursmessig satsing gjeld stillingar, økonomi, båe delar eller noko anna. Eg skjønner kva ambulente team er, men slike faguttrykk bør ein unngå.

Gode titlar og få mellomtitlar
Kvaliteten på titlane varierer, men jamt over held dei mål. Titlar eg synest er gode, er «Positivt halvårsresultat i urolige finansmarkeder» (KLP), -Ta ansvar for lærlingplasser» (Kunnskapsdepartementet), «Krever målinger av miljøgifter i luft» (Miljøverndepartementet), «Omstilling og nedbemanning i Norske Skog» (Norske Skog), «Brillebrukere" mer troverdige (Specsavers). Desse titlane går rett på sak og fortel noko. Ein av dei dårlege titlane eg finn, er «Skanska skal bygge kontorbygg i Oslo til en verdi av ca 360 millioner kroner.» Tittelen er for lang, og forkortinga ca. er skriven feil. Punktum i overskrifter er også ganske uvanleg. NVE prøver å fange interesse ved å skrive «NVE tilrår overføring frå tre delfelt til Tonstad kraftverk». Også denne er lang, og ordet delfelt er det få som skjønner. Finansforbundet skriv at «Finansansatte får ikke forhandlingsrett på tjenestepensjon og personalforsikringer» - her kunne ein gitt seg etter forhandlingsrett. Seks av dei seksten pressemeldingane bruker mellomtitlar, og det burde ha vore fleire. Mellomtitlane skaper luft i teksten, fangar blikket og fører lesaren lettare vidare. I den lange pressemeldinga til Arbeids- og velferdsetaten fi nst det berre ein mellomtittel, «Inkluderende arbeidsliv». Det fortel noko, men ei god overskrift skal alltid fortelje meir om emnet. Det får If Skadeforsikring til, med mellomtitlar som «Nye produkter og styrket kundeservice» og «Tøffere kamp om bedriftskundene». Slik skal det gjerast!

Skrekkeksempelet
Ei av pressemeldingane er så dårleg at avsendaren får vere anonym. Det er NTB som har sendt ho ut, og målet er å lokke pressa til eit arrangement. Ingressen er på éi lang setning som blant anna inneheld tre namn. Brødteksten er sett saman av ni avsnitt utan blanklinjer, og to av dei er på éi lang setning. Dette gjer teksten hektisk og usamanhengjande. Under siste avsnitt er det lista opp fire kontaktpersonar (intervjuobjekt?), før den offisielle kontaktpersonen får med telefonnummer og «Email». Ja, det overraskar ikkje at det finst feil her! «I år, som i fjor, skal vi ...» & -her skal komma vekk, og påmeldingsfristen er «17.aug.». Her manglar det mellomrom mellom dato og månad, og august skulle vore skrive fullt ut. Eg kunne ha nemnt fleire døme på kor håplaus denne teksten er. Burde ikkje NTB ha hjelpt dei som står bak? Når resultatet er så gale, skaper det eit useriøst inntrykk av innhald og avsendar.

Alt i alt
Inntrykket mitt er at det blir brukt for mykje fagsjargong og faguttrykk i desse pressemeldingane. Det er ein del ordgyteri, og mange kunne med fordel ha vore meir konkrete og enkle i måten dei ordla seg på. Det er ikkje avskrekkande mange skrivefeil, men dei som finst, er unødvendige. I alle meldingane finn eg døme på rettskrivingsfeil eller formuleringar som burde ha vore skrive om. Titlane er for det meste gode, og innhaldet? Vel, eg såg gode poeng som var gøymde langt nede i fleire av tekstane. Det er iallfall sikkert at dei som skriv pressemeldingar, bør vere meir sjølvkritiske til det dei sender frå seg.

 

Fakta: Pulsmåling

Denne artikkelen er basert på en vilkårlig pulsmåling hvor redaksjonen i Kommunikasjon har samlet sammen pressemeldinger for en språklig vurdering. Totalt 16 pressemeldinger er samlet inn i løpet av to uker i august/september 2006. Samtlige pressemeldinger er hentet fra NTB, Odin, Observer eller bedriftenes egne nettsider.

Artikkelen ble publisert i Kommunikasjon nr. 6/2006: .